Fusa Elektro er ny Miljøfyrtårn-bedrift: – Miljø har vore viktig for oss lenge
I desember 2021 vart Fusa Elektro sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift. Torsdag forrige veke skjedde overrekkinga. Dagleg leiar John Einar Vik trur bransjen deira krev eit ekstra miljøfokus.
– Eg er glad for at sertifiseringa er på plass, og veldig stolt over mine medarbeidarar som har løyst dette på ein svært tilfredsstillande måte, fortel John Einar Vik.
Sertifiseringa som Miljøfyrtårn hjelper bedrifter å jobba målretta innan områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi har eigentleg alle systema som trengst for å bli Miljøfyrtårn-bedrift. Det å vera Miljøfyrtårn handlar mykje om å setja miljø i fokus, og å driva i samsvar med HMS-reglane. Det er noko vi i Fusa Elektro lenge har vektlagt, forklarar Vik.
– Dessutan så reknar vi med at det om ei stund vil bli pålagt av fylke, stat og kommune å vera Miljøfyrtårn-bedrift, for å få lov å rekna anbod, trur han.
Krav om kjeldesortering
Vik kan fortelja at elektro-bransjen krev eit ekstra fokus på resirkulering og miljø. Nesten alt utstyr, som kablar og batteri, er EE-avfall, som det har vore krav om kjeldesortering på lenge.
– I arbeidet vi som elektro-bedrift gjer, held vi oss til denne sorteringa kvar dag. Det har gjort at vi lenge har vore klare over miljøaspektet rundt elektronikk, forklarer Vik.
– Som mål for 2022 tar bedrifta sikte på å bruka mindre straum og mindre drivstoff. I tillegg vurderer vi el-bil ved investering i ny bil.
Vekst i covid-tida
2021 var eit bra år for Fusa Elektro, med ei auke i omsetjing på fire millionar.
– Byggebransjen har nok kome godt ut av pandemien samanlikna med andre bransjar, trur Vik.