Fleire hundre stod i kø på AMFI Os torsdag morgon
For å unngå trengsel og kaos vart det delt ut nummererte billettar.
Ein knapp månad etter at gamle Sport Norge-butikken vart stengd ned, var det torsdag morgon klart for nyopning i dei same lokalet i AMFI Os. Det var det tydeleg at mange hadde fått med seg. Os & Fusaposten var på plass eit kvarter før opning. Då stod køen frå butikken til langt ut på parkeringsplassen på baksida av senteret.
Felles for dei mange som hadde møtt tidleg opp, var ønsket om ein heilt konkret skotype.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hooka lokka
— Det er ikkje noko å leggja skjul på. Eg skal ha nye Hooka-sko, smiler Heidi Rydland.
32-åringen hadde rimeleg gode sjansar for å få kloa i eitt par. Ho stod nemleg fremst i køen.
— Det er sikkert mange ting som er bra med den nye butikken, men i dag var det dette tilbodet som lokka. Eg treng nye, mjuke kvardagssko. På det feltet veit eg at Hooka er gode, slår ho fast.
Heidi trur den nye sportsbutikken i senteret kjem med fleire varer som vil appellera til bjørnafjordingane.
Bakover i køen var det rimeleg stor semje om kva som stod øvst på handlelista.
— Eg skal kjøpa sko til fruen. Desse har ho bestilt, humrar Trond Johannessen.
44-åringen stod kring 30 meter bak i køen og hadde håp om at lageret skulle rekkja.
— Det bør vel gå greitt. Skoa skal eg ha. Så får eg sjå om eg ikkje kan unna meg noko nytt sjølv også. Ein må jo ha litt løn for innsatsen, ler Johannessen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fekk billettar
Ti minutt før opning var prosjektleiar i Sport Outlet, Anne Karin Tyse, ute i køen og delte ut billettar.
— Dett var lurt. No får me eit nummer som stadfestar kvar me stod i køen. Då har me bra sjansar til å få skorne våre. Elles er me mange som ville fått eit problem. Eg har ikkje bein til å springa om kapp med folk inn døra, kommenterte ei eldre kvinne i køen.
— Me har litt over 80 par med Hooka-sko, og til såpass nedsett pris skjønar me at det vert rift om dei, konstaterte Tyse.