Stor suksess: Espen Aspenes og Knut-Jarle Aspenes har stor suksess med produksjon av stillas og flytebryggjer.

Aspenes-brørne kjempar om å bli Norges fremste vekstskaparar

Tysdag 30. november er det duka for regionskåring for Vestland i årets norske runde av EY Entrepreneur Of The Year.

Regionskåringane starta i Oslo og heldt fram i Tromsø, Larvik, Stavanger og Trondheim. No står Bergen for tur. I år er det til saman 29 nominerte. Finalen er i Oslo 27. januar.

Av dei fem selskapa som er nominerte frå Vestlandet, er tre fra Bergen, eitt frå Bjørnafjorden og eitt selskap frå Askøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

I skildringa til nominasjonen står det at «Espen Aspenes, Knut-Jarle Aspenes og Alutec AS produserer og leverer Jamax stillassystem og flytebrygger, og dei er involverte i heile verdikjeda frå smelting og sveising av metall til ferdige produkt».

Leiar for regionskåringa i Vestland og partnar i EY, Ina Rosenberg, fortel at dei er godt nøgde med årets nominasjonar.

– I årets program har vi med eit flott knippe regionale finalistar som verkeleg evnar å tenkja nytt, sjå moglegheiter og skapa varige verdiar og arbeidsplassar, seier Rosenberg.

Entrepreneur Of The Year er eit program som heidrar vekstskaparane i samfunnet.

– Våre nominerte har evna å skapa vekst anten gjennom ny verksemd eller gjennom endringsprosessar i eksisterande verksemd. Begge delar er imponerande, og no er vi spente på å høyra juryens vurderingar tysdag, seier Rosenberg.

Tidlegare norske vinnarar dei siste åra inkluderer næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), Henrik Badin i VOW og Per Grieg jr. i Grieg Seafood.

I 2021 er programmet verdas største vekstskaparprogram – med kåringar i meir enn 60 land. Vinnarane frå kvart land vil til slutt delta som landsrepresentantar i den globale finalen.

Dei fire andre frå Vestland er:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Dag Arthur Aldal, i ClampOn AS. ClampOn utviklar og produserer ein brei portefølje av unike ultralyd-sensorar til bruk i olje- og gassindustrien.

* Øyvind Bakke, Stig Kalvenes og Vidar Rabben, i Fjord Maritime AS. Fjord Maritime er ei teknologibedrift innan elektrifisering og digitalisering av havbruksnæringa.

* Christer Nordvik, i FotMob AS. FotMob er ein av verdas mest populære fotball-appar med over 20 millionar nedlastingar.

* Espen Mikalsen, i Nobi AS. Nobi er eit leiande betong- og industrikonsern, med tenester innan vatn og avløp, bygg, samferdsel, ferdigbetong og sand samt byggevarer og arbeidstøy.