Tryggleik i heile Bjørnafjorden
Vi kjem til å gjera nokre mindre endringar i Frp/H sitt budsjettframlegg til kommunestyret 14. desember.
Bjørnafjorden kommune står som alle veit, i ein krevjande økonomisk situasjon. For å få orden på kommuneøkonomien, må langsiktige driftsinntekter og -kostnader balanserast. Denne hausten har difor vore prega av engasjement og debatt kring ei rekkje tiltak i kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2024.
Frp og Høgre sine kommunestyregrupper har gjennom heile hausten arbeidd med heilskapen i budsjettet, og nytta høyringsperioden fram mot budsjetthandsaming i kommunestyret godt. Faglege innspel knytt til ei rekkje tiltak er blitt vurdert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Basert på dette kjem vi til å gjera nokre mindre endringar i Frp/H sitt budsjettframlegg til kommunestyret 14. desember.
Av omsyn til totalberedskapen i Bjørnafjorden aust kjem vi til å vidareføra dagens vaktlagsordning ved brannstasjonen i Eikelandsosen. Vi avventar også endeleg vurdering av redningsdykkartenesta til etter at kommunestyret i vinter har handsama risiko- og sårbarheitsanalyse for heile brann- og redningstenesta i Bjørnafjorden.
I tillegg tydeleggjer vi rammene for den politiske saka som er bestilt knytt til framtidig legevaktteneste i Bjørnafjorden. Her skal det gjennomførast ei utvida og kvalitetssikra risiko- og sårbaheitsanalyse innan 01.03.24. Denne ROS-analysen skal gje grunnlag for dimensjonering av det endelege legevakttilbodet i Bjørnafjorden aust.
Dagens driftsmodell med nordsjøturnus ved legevaktstasjonen i Eikelandsosen har ein nettokostnad på 7,5 mill kr pr år, dvs. 4 mill kr meir enn budsjettert for 2023. Målet med den politiske saka er få på plass eit godt og forsvarleg legevakttilbod i heile Bjørnafjorden, men til ein lågare totalkostnad. Korleis ein skal handtera raud respons-hendingar i Bjørnafjorden aust og Samnanger, skal ha særskilt fokus i utgreiinga.
Med dette skal vi sikra ein trygg kvardag, med tilgang på beredskapstenester og naudsynt helsehjelp, for alle innbyggjarane i Bjørnafjorden.
Ordførar Terje Søviknes (Frp)
Varaordførar Marie E. L. Bruarøy (H)