Til sjuande og sist er det resultatet som tel
Det er lite hjelp i besøk på Kongshaug av statsråd Tonje Brenna (Ap) og fagre ord, dersom det ikkje blir følgt opp av pengestøtte.
Som KrF skreiv om i eit lesarbrev tidlegare i veka, og som framkom gjennom informative reportasjar i Os & Fusaposten og i Midtsiden, er det ei kritisk tid for Kongshaug Musikkgymnas på Lepsøy etter at regjeringa i praksis kutta 18% av støtta.
Som resultat av kutt på 4,3 MNOK, må skulen snart nedbemanne om ikkje støtta snart kjem på plass igjen. Denne støtta sikrar til ein viss grad likebehandling med den offentlege skulen, men er no blitt fjerna for Kongshaug.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er kome tilsvar på KrF sitt lesarbrev både frå ordførar Trine Lindborg (Ap) og frå nestleiar i Bjørnafjorden Sp, Margrethe Holmboe Askeland.
Frå Bjørnafjorden KrF har vi aldri hevda at Lindborg ikkje har gjort noko for Kongshaug. Vi anerkjenner den velviljen mot Kongshaug og all den innsatsen som ordførar Lindborg og lokale representantar frå Ap og Sp legg ned for å få partifellene sine til å snu. Dette blir stadfesta frå fleire hald og vi er takksame for dette. Vi er også glade for at Askeland gjev uttrykk for skuffelse over at hennar eige parti ikkje har stått nok på for denne saken.
Men til sjuande og sist er det resultatet som tel, at støtta til Kongshaug kjem på plass igjen. Det er lite hjelp i besøk på Kongshaug av statsråd Brenna (Ap) og fagre ord, dersom det ikkje blir følgt opp av pengestøtte. Det kom ingenting i revidert statsbudsjett og etterpå har det vore tyst om saken. Det var dette vi ville påpeike i lesarbrevet.
Dette er ei sak som er for alvorleg til at vi kan tape den. Det er vere eller ikkje vere for Kongshaug. Det gjeld elevar og foreldre, tilsette og lokalmiljøet. Med omlag 35 årsverk og andre ringverknader, betyr Kongshaug noko også for Bjørnafjorden kommune.
Vi stiller oss fullt ut bak oppmodingane om å arbeide tverrpolitisk. Så er det no ein gong slik at det er våre politiske kollegaer frå regjeringspartia som sit med nøklane til å nå inn til regjeringa. Om ei veke møtest regjeringspartia til budsjettkonferanse der rammene skal leggast for statsbudsjettet for 2024. Vi vonar Lindborg og Askeland lukkast med å nå inn til partifellene sine før budsjettkonferansen og at støtta til Kongshaug kjem på plass igjen i 2024!
Jakob Enerhaug
1. kandidat
Bjørnafjorden KrF
Artikkelen held fram under annonsen.
Oddvar Rotvik
11. kandidat
Lokallagsleiar
Bjørnafjorden KrF