I 1994 vart Hellemyra bufellesskap bygd. Berre få år etter, under store protestar frå pårørande og vener av bebuarane på Hellemyra, vart brannstasjonen bygd på tomta rett framfor bufellesskapet.
I 1994 vart Hellemyra bufellesskap bygd. Berre få år etter, under store protestar frå pårørande og vener av bebuarane på Hellemyra, vart brannstasjonen bygd på tomta rett framfor bufellesskapet.

Til kommunestyret i Fusa: Bygg ny brannstasjon på Eikelandsheiane

Kanskje kan noverande brannstasjon bli eit bygg som høyrer til bufellesskapet og tiltak for funksjonshemma, skriv hovudtillitsvald i Fagforbundet og verneombod.

I 1994 vart Hellemyra bufellesskap bygd, bustader for menneske med spesielle behov. Berre få år etter, under store protestar frå pårørande og vener av bebuarane på Hellemyra, vart brannstasjonen bygd på tomta rett framfor bufellesskap.

Kjære politikarar: No over 20 år seinare kjem problemstillinga tilbake til politikarane i Fusa kommune. Skal brannstasjonen byggjast ut med ein bygningsmasse som kjem svært nær stovevindaugo og terrassane til dei som bur på Hellemyra? Eller skal det byggjast ny brannstasjon på tomta på Eikelandsheiane?

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannpersonalet i Fusa argumenterer svært godt i Os og Fusaposten om kvifor det må byggjast på Eikelandsheiane.

Ei utbygging av eksisterande brannstasjon vil seia at brannstasjonen vil koma svært nær Hellemyra bufellesskap, og vil vera dominerande for bebuarane.

Personalet på Hellemyra treng og gode arbeidsforhold med gode moglegheiter for miljøarbeid ute og inne. Hellemyra bufellesskap er i endring etter ombygging, og det er kome yngre brukarar til, både born og ungdomar. Det å ha ein hage og ein plen å gå ut til er viktig for å kunna yta godt tilbod til brukarane. Eit godt utemiljø vil gje fleire moglegheiter for å stimulera brukarane til aktivitet, og det vil gje personalet ein god arbeidssituasjon med fleire altenrnativ.

Kva med å byggja ein arena for leik og sansestimulering på dette området? Det blir det ikkje moglegheit til viss det kjem eit påbygg heilt opp i bufellesskapet.

Kanskje kan noverande brannstasjon bli eit bygg som høyrer til bufellesskapet og tiltak for funksjonshemma: Fleire omsorgsbustader, kontor, areal for aktivitet, m.m. Tenk framtid, også for dei som arbeider på Hellemyra.

Med dette ber me alle politikarar til å tenkje dykk om ein gong til! Me støttar brannmannskapet i at det bør byggjast ny brannstasjon på Eikelandsheiane!

Siw-Ingrid Kaland

HTV Fagforbundet og FO.

Renate Utskot

Verneombod TFF

Artikkelen held fram under annonsen.

På vegne av personalet på Hellemyra.