Ta ansvar for situasjonen i barnehagane!
Dette er ei melding ut, mest til deg som er arbeidsgjevar og eigar, men også til lokalpolitikarar, som er like ansvarlege. Har de tatt det ansvaret?
Kvar veke er det oppslag og uttaler i sosiale medium om bemanning, eller rettare sagt manglande bemanning i barnehagane. Kvar veke får vi telefonar, e-postar og har samtaler med tillitsvalde og barnehagelærarar som melder om det same. Bemanningssituasjonen i barnehagane har kanskje aldri vore meir utfordrande enn no, og det er få eller ingen vikarar å få tak i.
Trass i dette, er det få barnehagar som får lov til å stenga avdelingar eller redusere opningstida. Sjølv om arbeidsgjevar og eigar er fullstendig klar over situasjonen, skal drifta gå som normalt. Mange barnehagar går dermed kraftig underbemanna, medan personalet smiler tappert til foreldra som leverer og hentar i barnehagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Barnehagen skal jo opplevast som ein trygg stad å vera. Difor snakkar tilsette sjeldan om korleis kvardagen eigentleg er. Når styrarar, barnehagelærarar og andre tilsette no opnar munnen og fortel om situasjonen i barnehagane, då bør ein lytta.
Barnehagesektoren har i ei årrekkje trona øvst på sjukemeldingsstatistikken i Norge. Det betyr ikkje at tilsette i barnehage har ei meir skrøpeleg helse enn andre, men det er eit krevjande yrke å stå i. Meir krevjande enn det kanskje mange trur. Sjølv når alle tilsette er friske, er grunnbemanninga i barnehagen for låg. Barnehagetilsette er derfor vande med travle dagar, høgt fråvær og stadige endringar i aktivitetar.
Slik var stoda også før korona. Etter månadsvis i pandemi kombinert med anna sjukdom og fråvær, er bemanningssituasjonen no på brestepunktet. Når ein då høyrer om arbeidsgjevarar som ikkje lyttar til sine tilsette, som ikkje tar situasjonen i barnehagen på alvor, då vert ein både fortvila og forbanna. Slik kan vi rett og slett ikkje ha det. Det går ei grense, og den er vi no langt forbi i mange barnehagar. Her må arbeidsgjevarar og eigarar ta ansvar.
Er du forelder, så spør korleis situasjonen eigentleg er i din barnehage. Barnehagen er ikkje ein oppbevaringsplass eller ei tilsynsordning, men skal vera eit pedagogisk tilbod. Dette er ikkje lengre sjølvsagt slik situasjonen er no.
Dei tilsette gjer det dei kan innafor dei rammene dei har, men bak fasaden av smilande barnehagetilsette finst det ofte ein annan kvardag enn det foreldra ser i ein hentesituasjon. Bruk foreldrestemma, bruk foreldreutvalet, krev at eigar og lokalpolitikarar tar grep.
Reduksjon i opningstid har synt seg å vera eit godt tiltak mange stader fordi det fører til høgare bemanningstettleik gjennom heile dagen.
Stengde avdelingar eller redusert opningstid kan opplevast som meir utfordrande for foreldre, men dersom det ikkje finnast bemanning, må det gjerast grep som sikrar ditt barn eit forsvarleg pedagogisk tilbod.
Vi vil rosa arbeidsgjevarar som lyttar og set inn tiltak. Til de andre; lytt til dei tilsette, ta situasjonen på alvor og vis mot til å sikra barn og tilsette den kvardagen dei skal ha.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anita Holm Cirotzki
Leiar medlemsråd barnehage og fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet Vestland
Solfrid Furre
Nestleiar medlemsråd barnehage og fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet Vestland
Kristine Berdal
Fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet Vestland