Bru over Bjørnafjorden: N/A

Svar til Kristian Strønen: - Påverknaden frå bompengar veit vi ikkje enno

E39 Stord–Os er eit stort vegprosjekt. Då er det naturleg at det dukkar opp mange spørsmål, og ynske om konkrete svar.

Nokre gonger er det vanskeleg å gi utdjupande svar slik mottakaren ynsker, innanfor rammene avisene set.

Les også
Signe Eikenes svarer ikke på spørsmålene

Slik vi tolkar spørsmåla til Kristian Strønen, handlar det om kva samfunnsnytta til prosjektet blir viss reisetida aukar og med bompengar. Når køyretida aukar går samfunnsnytta ned. Men reisetida ligg fast med 30 minutt for E39 mellom Stord og Os per no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Påverknaden frå bompengar veit vi ikkje enno. Kva takstane blir, og korleis dei blir fordelte, er eit politisk spørsmål. Det skal avgjerast seinare.

Les også
Svar til Kristian Strønen om E39 Stord-Os

I reguleringsplanarbeidet, som vi no skal i gang med, skal vi halda fram med informasjonsmøte slik at vi har ein arena der vi kan møtast og gje utdjupande svar på spørsmål om prosjektet (der vi kan svare). Elles kan ein lesa meir om arbeidet og vedtaka knytte til det, på prosjektsida til E39 Stord–Os.

Les også
Er vi så mye dyktigere i Norge enn ingeniørene i USA?

Vi held fram med informasjonsmøte kring planlegginga av E39 Stord–Os. Strønen og alle andre interesserte er varmt velkomne.

Signe Eikenes

Prosjektleiar

Statens vegvesen for E39 Stord–Os