Ikkje berre økonomi: Å behalda Kommunetunet er ikkje berre ei økonomisk avgjerd.

Styrk Bjørnafjorden-identiteten – la Kommunetunet forbli eit felleseige!

Kjære politikarar, ynskjer de verkeleg at Kommunetunet skal seljast?

Vi skriv dette for å utrykkja vår meining om Kommunetunet som ein viktig del av vårt lokalsamfunn.

Kommunedirektøren sitt forslag om å selja Kommunetunet har fleire alvorlege konsekvensar som må vurderast nøye før ei avgjerd blir tatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunetunet er ikkje berre eit bygg, det er ein del av identiteten til innbyggjarane på Fusa-sida av kommunen.

Kommunetunet ligg sentralt i Eikelandsosen og er lett tilgjengeleg for innbyggjarane. Det ligg nede ved sjøen, med utsikt over Eikelandsfjorden. Uteområdet blir brukt av både dei ansatte og innbyggjarar.

Kommunetunet har tent som eit samlingspunkt for innbyggjarane i mange år, og betydninga til bygget kan ikkje målast i kroner og øre.

Å selja Kommunetunet vil vera eit tap for vår felles identitet og tilhøysle.

Sal av Kommunetunet kan gje ein kortsiktig økonomisk gevinst, men kommunen må sjå lengre enn raske pengar og tenkja langsiktig.

Kostnaden ved å leiga tilsvarande lokale i framtida vil mest sannsynleg bli langt dyrare enn dei noverande driftskostnadene.

Dessutan vil dei planlagde oppgraderingane ikkje berre auka funksjonaliteten til bygget - det vil òg trekkja til seg meir bruk og aktivitet.

Kommunetunet husar fleire viktig tenester og aktivitetar som bibliotek, BUA, historisk arkiv som er brannsikkert, språk-kafé, vigselslokale og vallokale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er flittig i bruk av både skular og barnehagar, det er fleire gratis tilbod for barn i feriar og helgar, og det er ein samlingsplass for kulturelle arrangement for alle innbyggjarane.

Desse tenestene er essensielle for vårt lokalsamfunn og bidrar til utdanning, kultur og sosialt samvær. Å flytta desse tenestene vil vera både kostbart og upraktisk.

Det bør vurderast andre alternativ før det blir bestemt at Kommunetunet skal seljast. For eksempel kan moglegheita for at fleire får arbeidsplassen sin her, vurderast.

Alle leigeavtalar i kommunen bør vurderast, opp mot å eiga – og kva er behovet i framtida?

Det vart i 2023 vurdert sal av Kommunetunet.

Det vart då vedtatt ombygging av Kommunetunet som skulle gjera fleire kommunale tenester betre for innbyggjarane.

Både biblioteket og BUA skulle få utvida opningstid og større lokale ved installasjon av heis. Denne ombygginga har ikkje blitt gjennomført.

Det vart òg vektlagt at Kommunetunet bidrar til eit betre arbeidsmiljø, noko som betyr mykje for oss som brukar Kommunetunet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka frå 2023 viser at sal av Kommunetunet ikkje vart tilrådd.

Å behalda Kommunetunet er ikkje berre ei økonomisk avgjerd, men òg ein avgjerd som påverkar vår identitet, tillit og samfunnsengasjement.

Vi oppmodar dykk til å tenkja langsiktig og vurdera dei mange fordelane ved å behalda Kommunetunet i kommunen sitt eige.

Tilsette med arbeidsplass på Kommunetunet