Stem Venstre for miljø og menneske!
Venstre får gjennomført grøn og liberal politikk ved å samarbeida – med næringslivet, med andre parti og internasjonalt.
Venstre er det eldste miljøpartiet og det einaste partiet med ein miljøpolitikk som er både ansvarleg og gjennomførbar. Det var Venstre som fekk gjennomslag for vern av Lofoten, Vesterålen og Senja.
Klimagassutsleppa har vi fått ned til det lågaste nivået sidan tidleg 1990-tal. Vi har stått på for kollektivtrafikken, elektrifisering av ferjene og fordelar til elbilane. Vi har fått innført forbod mot fleire slags plastprodukt. Venstre trur ikkje at staten slår gründerane på gründerskap.
Artikkelen held fram under annonsen.
Næringslivet spelar ei sentral rolle i den grøne fornyinga, og derfor har vi betra sosiale ordningar for gründerar og finansiering av gründerselskap. Venstre lovar å halda fram kampen for ein leveleg klode, for reint hav og rein mat.
Venstre kjempar for fridom og likeverd for enkeltmennesket. Vi menneske er ulike på så mange måtar, men vi har det same menneskeverdet og skal så langt som råd ha like moglegheiter.
Det er Venstre som har gått i spissen for rusreforma, som vil bli eit viktig løft i menneskeverdet for rusmiddelbrukarar. Vi ønskjer å hjelpa heller enn å straffa. Venstre lovar å halda fram kampen for at alle skal kunna leva verdige liv.
Venstre satsar på barn og unge. Vi vil gi barn rett til barnehageplass straks etter foreldrepermisjonen og gi gratis SFO til familiar med svak økonomi. Skuleelevar skal ha rett til kvalifiserte lærarar, og det må bli større rom for å velja fag etter interesse og evner.
Vi meiner at det må bli gratis å gå til legen fram til ein fyller 18 år. Det må setjast av meir midlar til psykisk helse, og vi må utdanna fleire helsesjukepleiarar til skulane.
Venstre lovar å halda fram kampen for dei som representerer framtida vår.
Torodd Kinn
Kristian Harnes
Artikkelen held fram under annonsen.
Astrid Dale
Bjørnafjorden Venstre