Spørsmål om Borgafjell barnehage
Eg synes det er underleg at kommunestyret ikkje fekk noko form for informasjon om Borgafjell barnehage i møte 21.11.17, all den tid vi då behandla Tilstandsrapporten for barnehage og skule same kveld som saka om Borgafjell barnehage kom i media, skriv Gisle Hesjedal.
Lesarbrev: Tenesteutvalet onsdag 29. november – Spørsmål til politisk kvarter:
Viser til oppslag på midtsiden.no 21.11.17, samt Os & Fusaposten og BA 23.11.17 om forholda ved Borgafjell barnehage. Ut frå dei opplysningane som kjem fram er det godt å vita at kommunen har oppretta ny tilsynssak. Eg synes derimot det er noko underleg at kommunestyret ikkje fekk noko form for informasjon om dette i møte 21.11.17, all den tid vi då behandla Tilstandsrapporten for barnehage og skule same kveld som saka om Borgafjell barnehage kom i media.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spørsmål 1: Kan administrasjonen gje Tenesteutvalet ei førebels orientering om tilsynet?
I følgje rekneskap for Borgafjell barnehage har dei drive med negativ eigenkapital kvart år sidan barnehagen opna i 2013. Eigenkapitalen har gått frå minus 1,5 millionar kroner i 2013 til minus 3,7 millionar kroner i 2016. Verksemda driv altså for kreditors rekning. Rekneskapen viser også at barnehagen har dårleg likviditet, og styret skriv også i årsmeldinga for 2016 at ”Selskapets likviditet er ikkje tilfredstillende”.
Slik eg les rekneskapen er det ein overhengande fare for at Borgafjell Barnehage AS går konkurs.
Spørsmål 2: Kva tankar gjer administrasjonen seg om dei økonomiske tilhøva for Borgafjell Barnehage?
Spørsmål 3: Har administrasjonen vurdert å også setta i verk økonomisk tilsyn av barnehagen?
Programvare frå StatPed
På Statped sine heimesider finn ein den kanskje beste oversikten over tilgjengelege Apper/programvare for bruk i tilrettelagt undervisning. Dette er programvare som kan være til hjelp ved blant anna lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar, konsentrasjonsvanskar og andre former for lærevanskar. Dette finnes programvare til bruk i alle fag. Appane/ programvara spenner frå gratis, til lisensbaserte program med eingongskostnad ved kjøp, til månadsbaserte abonnement.
Spørsmål 1: I kva grad utnyttar Os kommune i dag det potensialet som ligg i dei ulike tekniske hjelpemidla til å gje tilrettelagt undervisning til dei elevane som treng det?
Spørsmål 2: Har tenesteområdet ressursar innanfor noverande budsjett til å skaffa dei programma som elevane treng?
Artikkelen held fram under annonsen.
Gisle Hesjedal
Os Arbeidarparti