Skulestrukturen i Bjørnafjorden - ei avgjerd for fellesskapet!
Det handlar om å oppretthalda lokalsamfunnet sin puls og ivareta dei unike behova elevane treng.
Hurra! Torsdag vedtok eit samla Bjørnafjorden kommunestyre å oppretthalda den eksisterande skulestrukturen i kommunen. Debatten om endring av skulestruktur er død og gravlagt ein gong for alle, håpar vi.
Senterpartiet og SV stemte for følgjande forslag til vedtak: "Bjørnafjorden kommunestyre vedtek å ta rapporten om skulestruktur i Bjørnafjorden kommune til orientering. Kommunestyret vedtek at det ikkje skal gjerast endringar i skulestrukturen. Dagens skulestruktur er viktig for lokalsamfunna og for utviklinga av heile Bjørnafjorden kommune" .
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei andre partia stemde for ein meir omfattande vedtakstekst. Senterpartiet oppfatta intensjonen var den same, men med mange fleire ord og tolkingar. Sp/SV gjekk for den enkle og tydelege varianten, ikkje endra skulestruktur i kommunen.
Det er viktig å erkjenna at denne avgjerda ikkje berre handlar om bygningar, men om å styrka fellesskapet og elevane si framtid. Det handlar om å oppretthalda lokalsamfunnet sin puls og ivareta dei unike behova elevane treng. Ein mindre skule kan tilby ei meir intim læringsoppleving, som kan vera avgjerande for å skapa eit inkluderande og støttande læringsmiljø.
Alle lokalsamfunna kan no arbeida vidare med den krafta og entusiasmen, som vi alle fekk sjå på dei ulike innspelsmøta vi møtte på. Vi har trua på framtida for skulen og lokalsamfunna.
Det er viktig for Senterpartiet at det er tilgang til nødvendige tenester i nærmiljøet. Skulen skal vera ein del av eit aktivt og levande lokalsamfunn, og er hjørnesteinane i lokalsamfunna. Dei spelar ei avgjerande rolle for utvikling og vekst.
Takk til alle som viste den store entusiasmen og energien som er ute i lokalsamfunna. Det overraska ikkje oss. Takk til alle som var med på å få dette til.
Gratulerer alle saman!
Hege Aase Tysnes
Terje Sperrevik
Artikkelen held fram under annonsen.
Bjørnafjorden Senterparti v/kommunestyregruppa