Skule og barnehage nær folk
Gode oppvekst- og bumiljø er grunnlaget for eit godt liv i Bjørnafjorden kommune, med gode og likeverdige tenester i heile kommunen.
Vi i Bjørnafjorden Sp er opptekne av å behalda dagens skule- og barnehagestruktur. Skulane er hjarta i bygdene – viktige grendahus der ung og gamal møtest. Dei er ein stad for kunnskap og relasjonsbygging. På folkemøta som har vore, har betydninga av skulane vorte trekt fram på mange vis. Skulane er også ofte base for det frivillige arbeidet som vert gjort rundt om. Dei er verdifulle tilskot til nærmiljøet og kommunen.
Faste møtepunkt
I programmet vårt har vi eit ynske om å få til eit sterkare samarbeid mellom innbyggjar og kommunen. Vi ynskjer at kommunen skal ha faste møtepunkt i dei ulike bygdene, der grendalag og frivillige organisasjonar kan få løfta fram sine idear og kommunen kan hjelpa gode tiltak i gang. Ofte er det berre litt tilrettelegging og kunnskap om kvar og korleis ein søkjer om hjelp, som skal til. Vi har sett kor godt dette verkar i Voss herad og ynskjer å setja i gang her òg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slik økonomien no er i kommunen, må vi snu kvar stein, og det er ikkje rom for store investeringar. Vonleg kan eit slikt samarbeid bidra til betre trivsel og gode tiltak i dei ulike grendene – og slik halda i hevd gode bumiljø i alle bygder i heile Bjørnafjorden.
Ei stemme til Senterpartiet er ei stemme for skular og barnehagar i heile Bjørnafjorden.
Dina-Helen Lervåg
2. kandidat Bjørnafjorden Sp, Søre Neset
Hege Aase Tysnes
3. kandidat Bjørnafjorden Sp, Hålandsdalen