Parkeringsregimet på Osøyro ligg fast
Frp og Høgre vil ikkje endra gratisparkeringa på Osøyro frå to til ein time.
Dei siste dagane har det vore mykje fokus på parkeringsregimet på Osøyro. Fleire private grunneigarar innfører no tilsvarande parkeringsløysing som kommunen alt har på offentlege areal.
Det tykkjer vi er positivt då billistane etter kvart er blitt godt kjend med korleis systemet verkar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Difor meiner Frp og Høgre det er viktig at kommunen held fast på to timars gratis parkering også på dei offentlege parkeringsplassane.
Vi opplever at parkeringa på Osøyro no fungerer betre enn på lenge. Det er bra sirkulasjon på plassane, og samarbeidet med næringslivet om innføring av ordninga, har vore god.
Skal dette fungere optimalt også framover, er det viktig å unngå brå endringar i tidene for gratis versus betalt parkering.
Tidene bør også vera like på private og offentlege parkeringsplassar. Alt for å gjera det lettast mogeleg for kundane.
Vi kjem difor ikkje til å støtta kommunedirektøren sitt framlegg om å gå ned til ein time gratis parkering. Inntektspotensialet som ligg i dette framlegget vil vi finna på annan måte.
Vi har også merka oss at løysinga utan kamera på parkeringsplassen nedanfor Fjellheim skaper utfordringar. Bilistane er van med kameraløysinga, og det er lett og gløyma manuell registrering av tid for innkøyring.
Resultatet vert raskt ei bot, og vi veit alle kor irriterande det er. Frp og Høgre kjem difor til å foreslå kameraløysing også ved Fjellheim.
Vi vonar dette i sum vil bidra til å vidareføra den positive utviklinga vi no ser på Osøyro.
Artikkelen held fram under annonsen.
Berre dei siste vekene har fleire nye butikkar opna dørene, og fleire spanande bustadprosjekt er på gang. Det gler vi oss stort over.
Terje Søviknes (Frp)
Marie E.L. Bruarøy (H)