Undrar meg: Samferdselsministeren (Ap) står fast på at Hordfast ikkje skal rørast, i fylgje regjeringa. Eg må seia eg undrar meg over dette.

På tide å snakka saman?

Om regjeringa saman med SV vil finna ei enkel sak å bli einige om, kan eg tilrå dei å sjå på NTP.

Ein spanande haust er forbi med regjeringsskifte og klimatoppmøte. Eg ser at den nye leiaren i Samferdselskomiteen (Sp), tidlegare i denne veka, kjem med spanande tankar og idear om å tenkja nytt når det gjeld transportplanlegging her i landet. Som eit fyrste steg, ynskjer han å sjå på moglegheita for å flytta pengar frå nokre av dei største vegprosjekta og over til mindre, men for mange, meir viktige prosjekt, som til dømes meir rassikring.

I eit lesarinnlegg i mai 2021, fremjar eg nokre kritiske spørsmål om korvidt ein kan lita på tala på lønsemd som kjem frå Statens vegvesen. Miljøutfordringa må løysast, og Covid-19 har truleg endra reisevanane våre i rikt mon.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mars i 2021, fremja SV eit dok 8-framlegg om å ta eit kvileskjer i vegutbygginga, og andre store samferdselsprosjekt, for å sikra at «megatrendane» (pandemi og miljø) vert tekne omsyn til i underlaget for dei store avgjerdene i transportplanen. SV og Sp var den gong samde om dette, men framlegget fekk ikkje det naudsynte fleirtalet.

No kan vi lesa at samferdselsministeren (Ap) står fast på at Hordfast ikkje skal rørast, i fylgje regjeringa. Eg må seia eg undrar meg over dette. Både SV, Sp, og Ap nord om Bjørnafjorden ynskjer eit kvileskjer for meir utgreiing om Hordfast. Ap sør om Bjørnafjorden er rett nok for at monsterbrua skal byggjast, men eg kan ikkje skjøna korleis dette lille mindretalet (Ap-ordførarar sør om Bjørnafjorden) skal verta teljande for kva regjeringa, og deira føretrekte støtteparti (SV) meiner.

Eg undrar meg og over at det står i Os & Fusaposten at vi har ein vedteken NTP her i landet. Eg fylgde avstemminga i Stortinget i juni 2021 tett, og etter mitt syn så vart ingen heilskapleg NTP vedteken der. Det vart i staden ein u-offisiell stortingsrekord i lause enkeltframlegg.

Eg reknar no med at tingingane om revidert nasjonalbudsjett er godt i gang. Om regjeringa saman med SV vil finna ei enkel sak å bli einige om, kan eg tilrå dei å sjå på NTP. Om ein fylgjer eigen komitéleiar frå Sp sine framlegg til utsetjingar, vil både den nasjonale karbonreknskapen og nasjonalbudsjettet finna gode innsparingar som ein kan dela på andre gode føremål som til dømes jordbruksoppgjeret.

Håkon Kvåle Gissinger

Utflytta osing