Oseana sin verdi i bygda
Det er mi tru at kunst og kultur gjer oss til betre folk.
I helga som var arrangerte Oseana kunstomvising, kunstnarsamtale, det blei arrangert Internasjonal fest i lag med kommunen i foajeen og ikkje minst bygderock med Vassendgutane i salen på fredagskvelden. Eit mangfaldig program i tillegg til Griegsamlingen og moglegheita for deilig mat i Oseana kafe og restaurant. Sånn skal det vera!
Det er mi tru at kunst og kultur gjer oss til betre folk, den utviklar kjenslene og det emosjonelle i oss. I tillegg er det kjekt!
Artikkelen held fram under annonsen.
Kultur er noko som gjev oss felles retning og sveiser oss saman. Ein sterk kultursektor bidrar til å byggja felles identitet og samhald i kommunen vår. Med pandemi og isolasjon frisk i minnet vil eg løfta fram viktigheita av kulturen sin eigenart i ei tid kor vi treng å løfta blikket og sjå over dei mørke, økonomiske skyene.
Kulturnæringa bidrar til felles tankesett, men også til sysselsetting og vekst, fordi slike tenester og fritidstilbod er viktige verdiar når folk gjer val om kor dei skal etablera seg. Å sjå på kva ringverknader eit rikt kulturliv bidrar med, er interessant. Til dømes heng reiselivsnæringa tett saman med kulturnæringa. Folk reiser ikkje for å reisa, men for å oppleva.
Eit kulturhus skal vera ein stad der menneske finn saman. Vi oppheld oss mykje på skule, jobb og heime. Den tredje staden vi oppheld oss, er gjerne på aktivitetar, kaféar, konsertar eller anna. Livet blir rikare om vi har gode møtestader der vi kan ha gode samtalar og refleksjon i fellesskap. Oseana ønskjer å vera ein slik møtestad.
Oseana er 12 år i 2023. Huset er etter kvart blitt ein integrert del av kulturtilbodet i kommunen. Tenåringane dykkar har alltid hatt Oseana i bygda. Bjørnafjorden Kulturskule, med sine mange håpefulle har betre konsertsal enn dei fleste, til dømes Bergen!
Når unge dansarar eller skulemusikantar øver og øver til framsyning, kan dei gle seg over å stå på same profesjonelle scene som Aurora, Bjørn Eidsvåg, Kari Bremnes, Dagfinn Lyngbø eller andre kjende namn. Dette er unikt og ofte ei stor oppleving for små og store kulturspirer.
Vi har også ei integrert kunstsamling i huset som er nasjonalt anerkjend. Denne får alle skuleborn oppleva gjennom skuleprosjektet Friskunst. Friskunst er eit samarbeid mellom grunnskule, Oseana og pedagogane i kulturskulen som saman bidrar til å løfta kunnskapen om musikk og biletkunst hos elevane. I 2022 fikk alle 9. klassingane eigen konsert med Jarle Bernhoft!
Vår viktigaste oppgåve er å sørgja for at dei som bur i Bjørnafjorden får oppleva og ta del i gode kunst- og kulturopplevingar, både med nasjonale og lokale aktørar. Vi har eit høgt aktivitetsnivå og samstundes ein filosofi om å utnytta innhaldet i huset på flest mogleg område - skulekonsertar, ulike arrangement for eldre, digital overføring til sjukeheimar, eigne prosjekt for dei som har demens, verkstader for barn, og kunstklubb, for å nemne noko. Fellesnemnaren er at slike prosjekt treffer djupare hos dei som deltar og ynskjeleg bidrar til at kvar enkelt får meir utbytte. Eg har sjølv opplevd korleis musikk og kunst kan gjera ein forskjell for menneske med demensdiagnose, nesten ikkje til å tru.
At vi har ein profesjonell stab på huset og har hatt gode økonomiske samarbeidspartnarar, har gjort at vi har fått til desse samarbeidsprosjekta innanfor dei eksisterande økonomiske rammene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bjørnafjorden kommune er no i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og vi blir alle oppmoda om å bretta opp ermene og førebu oss på trongare tider. Akkurat som resten av kommunen, har Oseana blitt råka av nedskjeringar. Dette bidrar til at vi må tena meir pengar andre stader, bli meir kommersielle i programprofilen og at enkelte av desse tilboda kan forsvinna. Samtidig er det viktig for oss å halda fast ved identiteten og mandatet vårt.
Oppsummeringa blir at det økonomiske fundamentet vi får fra Bjørnafjorden kommune legg grunnlaget for at Oseana kan tilby eit rikt og breitt kulturtilbod til flest mogleg.
Ole Tobias Lindeberg
Direktør
Oseana Kunst- og Kultursenter