Takhøgd: Me må alle jobba for stor takhøgd, slik at dei som har ei meining, vågar å dela ho.

Om skulestruktur i Bjørnafjorden kommune

Kva vil vera det beste for barna, både fagleg, sosialt og i et framtidsretta perspektiv?

Me er for tida inne i vanskelege prosessar som omhandlar skulestruktur. For alle involverte partar vil dette vera svært energikrevjande.

Administrasjonen har lagt opp til møte med både tilsette og opne folkemøte, noko me tenkjer er viktig for å få eit godt saksgrunnlag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me er glade for alle som allereie har engasjert seg og sendt inn høyringssvar, og oppfordrar fleire til å ta i bruk ytringsfridomen og bidra i denne utgreiingsfasen.

Me må alle jobba for stor takhøgd, slik at dei som har ei meining, vågar å dela ho. Kva vil vera det beste for barna, både fagleg, sosialt og i et framtidsretta perspektiv?

Så langt dette året har kommunen eit stort økonomisk overforbruk. I prosjekt Bjørnafjorden 22 gjennomførte ein fleire store økonomiske nedtrekk i samtlege sektorar, og jobben med å få balanse i økonomien pågår framleis.

Det tærer på dei tilsette å vera i konstant sparemodus. I praksis vil det seia å kvar dag møta situasjonar der ein tenkjer at med betre tilgang på ressursar kunne me ha gjeve betre tenester til dei som treng det. I somme tilfelle opererer me heilt på grensa til kva lova set som rammer.

I siste tertialrapport kunne me til dømes lesa at eit aukande tal barn har spesielle behov, og vil trenga ein tilpassa kvardag etter grundige vurderingar av sakkunnige. Dette veit me krev både rett kompetanse og mange nok tilsette.

Samfunnet me lever i er konstant i endring, og me må følga nøye med på kva forsking seier om korleis samfunnet bør prioritera sine ressursar. Eit viktig stikkord her er tidleg innsats!

I utgreiinga om skulestruktur vil argumentasjonen vera prega av til dømes kjensler, pedagogiske perspektiv eller økonomi. Alle desse ytringane har verdi når kommunestyre skal fatta sitt vedtak på slutten av året.

At me no sikrar at prosessen blir så grundig som mogleg, vil forhåpentlegvis føra til at me i framtida vil kunna ha meir føreseielege tenester på skulane dei folkevalde vel å satsa på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpet og forventinga vår er at vedtaka står seg over tid, og at me slepp desse energilekkasjane ved dei komande budsjettrundane.

Me ynskjer å bruka kreftene våre på å gje gode tenester til barn og unge.

Utdanningsforbundet Bjørnafjorden