Konsekvensar: Manglande digital kompetanse kan i yttarste konsekvens representera eit demokratisk problem.

Nytt år og nye moglegheiter: Ta ansvar for din eigen digitale kompetanse

Nær 850.000 menneske i vårt land manglar eller har avgrensa digitale ferdigheiter, eller har rett og slett ikkje tilgang på verktøya.

Det er forholdsvis fleire eldre enn yngre som slit, og seniorar er overrepresenterte i statistikken over dei som fell utanfor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette fører gjerne til isolasjon, manglande kontakt med vener og familie, avgrensa tilgang til viktige tenester (bank, helse, nyheiter osv.), mindreverdigheitskompleks og frustrasjon.

Manglande digital kompetanse kan i yttarste konsekvens også representera eit demokratisk problem. Eit godt eksempel er den digitale folkeavstemminga om oppløysing av Innlandet fylkeskommune for nokre år sidan. Kor mange fall ut av den?

Vi må nok skilja mellom dei som av openberre årsaker ikkje kan nytte seg av digitale verktøy og dei som sjølv vel å ikkje gjera det.

Sistnemnde handlar om haldning, og det er dei eg sikter til. Å overlate «dataansvaret» til ektefelle, barn, ein god ven eller ein annan «nærståande», kan vera risikabelt. Kva gjer du den dagen din «dataansvarlege» ikkje lenger er tilgjengeleg? Kven skal då sørge for at rekningar blir betalt, legetimar bestilt, reseptar fornya og andre livsnødvendige ærend blir gjennomført?

Mi klare oppfordring er, i den grad du er fysisk og mentalt kapabel, ta ansvaret for det digitale sjølv. Du kan ikkje setja deg på utsida av samfunnet og klaga over at alt fungerte så mykje betre før. Du lever no, med alle dei utfordringane, men også moglegheiter det medfører.

Ein av moglegheitene er å bli med på kurs og møte som Seniornett arrangerer. Seniornett er ein landsomfattande, frivillig organisasjon med lokalforeiningar over heile landet – vi hjelper seniorar på nett.

I Bjørnafjorden er det Os Pensjonistforening som er den lokal representanten for Seniornett Norge. Vi tilbyr dataopplæring kvar torsdag ettermiddag, og ein tysdag føremiddag i månaden på Os Eldresenter

Vil du vite meir, er du er velkommen innom på kafeen vår på Os Eldresenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Datakursa våre er gratis og uforpliktande.

Du har aldri brukt internett, smarttelefon, nettbrett eller PC, seier du? Desto større grunn til å møta opp. Vi stiller absolutt ikkje krav til førehandkunnskap.

Velkommen!

Bjørn Sivertsen

Leiar Os Pensjonistforening og Seniornett Bjørnafjorden