Sentrum: Lokaldemokratiet vert best teke i vare gjennom eit sterkt og politisk pragmatisk sentrum.

No treng Bjørnafjorden eit stort og sterkt Senterparti

«Det gode liv for alle» er vel ein visjon som ikkje let seg oppfylla, men «Det gode liv for flest mogleg» er meir realistisk.

Eit reint «høgre»- (Frp/H), eller eit reint «venstre»-fleirtal, gjer nok kommunen enklare å styra for ein ordførar og ein kommuneadministrasjon, men eit stort mindretal vil sjeldan og aldri vinna fram med sine syn.

Lokaldemokratiet vert best teke i vare gjennom eit sterkt og politisk pragmatisk sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er mi klåre røynsle som lokal ombodsmann dei siste åtte år, (fire år med Frp/H og dei siste fire åra med ein «fleirpartiallianse» ).

Sentrumsparti og fløy-uavhengige parti sikrar at flest mogleg av veljarane i kommunen vinn fram med sine syn og meiningar.

Ein verkeleg «JA-KOMMUNE» seier til dømes ja til innbyggjarane sine framfor utanbygds eigedomsspekulantar.

Eg er viss på at veljarane i Bjørnafjorden ser forbi glansa valgbrosjyrar og fagre valløfte og stemmer på eit pragmatisk parti som kan og vil samarbeida til det beste for flest mogleg av innbyggjarane i Bjørnafjorden.

Bjørnafjorden Senterparti er eit slikt parti!

Godt val!

Beste helsing «nr. 37»

Harald Lekven