Min kamp for Kongshaug held fram!
Anklagane og ordbruken om at eg ikkje har gjort noko for Kongshaug, er så langt fra sanninga det er mogleg å koma.
Jakob Enerhaug og Oddvar Rotvik frå Bjørnafjorden KrF har ved fleire anledningar gått til angrep på meg som følge av regjeringa sitt kutt i særtilskotet til Kongshaug.
Anklagane og ordbruken om at eg ikkje har gjort noko for Kongshaug, er så langt fra sanninga det er mogleg å koma.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det at Enerhaug og Rotvik ønsker å scora nokre billige politiske poeng på min bekostning, får stå for deira rekning. Eg vel å venda det andre kinnet til og halda fram kampen for Kongshaug.
Eg kjem ikkje til å gå inn i ein debatt om korleis eg bruker mi rolle som ordførar. I staden for vil eg halda fram å stå på, framsnakka og kjempa for at Kongshaug skal få den støtta dei treng.
Utanom å få minister Tonja Brenna til Kongshaug, har eg gjennom hausten og våren hatt tallause samtalar og møte med stortingsrepresentantar og representantar for regjeringa. Dette har resultert i at Kongshaug har fått møtt representantar i finanskomiteen og i Utdanning- og forskingskomiteen for å fremja si sak.
Eg er, til liks med Kongshaug, utruleg skuffa over at dette ikkje gikk igjennom i revidert statsbudsjett. Eg trur ikkje det hjelper at vi kranglar lokalt.
Enerhaug sitt varemerke i alle saker og debatter er jo at vi skal samarbeida, og han har meir enn éin gong kritisert oss alle for det motsette.
Eg meiner vi i denne saka heller bør stå saman og jobba opp mot politikarane i Oslo. Vår jobb no er å få dei til å forstå kor viktig Kongshaug er for musikkungdomane, ikkje berre for Bjørnafjorden, men for heile Norge. Det kjem ihvertfall eg til å gjera!
Trine Lindborg
Ordførar, Ap
Artikkelen held fram under annonsen.