Initiativ: Me vil heia på initiativ i bygdene der nokon vil busetja seg eller starta med næring.

Me vil utvikla eit attraktivt kommunedelsenter i Eikelandsosen

På Fusa-sida skal det skje ei spennande utvikling framover, som vil medføra fleire arbeidsplassar, som og vil setja krav til bustadutbygging.

I vår langstrakte kommune er det mange flotte bygder. Nokre bygder er det positiv utvikling og folketalsutvikling i, nokre er der status quo, mens nokre bygder opplever dessverre litt og til dels nedgang i utvikling og folketal.

Me vil heia på initiativ i bygdene der nokon vil busetja seg eller starta med næring. Her bør det vera ein enklare og snarare prosess frå ide til realisering. Har nokon lyst til å busetja seg perifert eller starta næring, ja, så lat dei få rask handsaming og koma i gang. Dette er eitt av forslaga frå Ap for å få utvikling i bygdene.

Artikkelen held fram under annonsen.

På denne sida av fjorden (Fusa-sida) skal det òg skje ei spennande utvikling framover, som vil medføra fleire arbeidsplassar, som og vil setja krav til bustadutbygging. Samnøy næringsområde med tømmerkai og lakseproduksjon som er planlagt i nær framtid, samt at det er fleire interessentar som vil etablera seg i dette området. Det kjem til å bli ei positiv utvikling på Holmefjord og Bogahalvøya.

Her må alle vera med og snakka fram bustadutbygging og næringsområde, i heile tidlegare Fusa-delen av vår «nye» kommune.

Områdeplanen i Eikelandsosen er godkjent, og her ligg det inne fleire gode prosjekt:

• Turveg Skjelbreid- Eikelandsosen: Eit godt folkehelsetiltak, der det finst gode moglegheiter for å realisera ein turveg, som knyter Eikelandsosen og Hålandsdalen tettare saman. I tillegg vil det vera ei billig trafikksikring. Uante moglegheiter innan friluftsliv, rekreasjon, idrett og kort vei til vakre fjell mm.

• Ny kollektivterminal og innfartsparkering på Leiro med ny/eksisterande terminal som er i tråd med områdeplanen. Dette vil gjera det enklare for dei reisande med kort gåavstand til blant anna lege, tannlege, apotek og kjøpesenter mm.

• Utvikling av Fusa vidaregåande skule, betre parkering og moglegheit for å realisera hall til aquakultur. Dette er viktig for utviklinga til Fusa vidaregåande skule.

• Tollaneset: Ei positiv utvikling i og utenfor Eikelandsosen vil også medføra at Tollaneset vil bli attraktiv for utbygging, og området ligg godkjent i områdeplan for bustadbygging. Dette heiar me på, og det ligg klar godkjenning med opp mot 30 bueiningar.

• Koldalsfossen: Her er uante moglegheiter med friluftsliv, museum, turisme, jettegryter +++. Berre fantasien set avgrensingar her.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Eikelandsheiane næringsområde: Her er òg område som ikkje er benytta, (Heiane 2), der det er plass til fleire næringar/bedrifter.

Dette er berre noko av det som er moglegheiter i kommunedelsenteret Eikelandsosen.

Samtidig er det bibliotekfilial, utlånssentralen BUA der alle kan låne fritidsutstyr, Fjorden Arena med trimrom og klatrevegg, idrettspark og merka løype til dagsturhytta på Vetlevarden ob badestove som snart kjem på plass ved Fjord'n Nærsenter. Eg kunne ha ramsa opp meir, då det skjer, og skal skje, utruleg mykje bra i bygdene på Fusa-sida i Bjørnafjorden Kommune.

Dette er berre noko av det Ap vil satsa på og få realisert i kommande valperiode.

Godt val!

Richard Markhus

4. kandidat

Bjørnafjorden Ap

Artikkelen held fram under annonsen.