Craig Russell Lundervik Bøthun i Bjørnafjorden SV meiner det er på tide med ei reell endring i politikken i Os, snart Bjørnafjorden.
Craig Russell Lundervik Bøthun i Bjørnafjorden SV meiner det er på tide med ei reell endring i politikken i Os, snart Bjørnafjorden.

Lesarbrev: Takk for innsatsen, men no vil vi ha noko anna

For mange er det veldig fint å bu i både Os og Fusa i dag. Begge kommunane har sine utfordringar, begge har ting dei gjer godt. Vi skal ikkje svartmala dagens situasjon, men i ein valkamp er det naturleg at opposisjonspartia er tydelege på kva vi ville ha gjort på ein annan måte.

Annleis frå kva då? Det er jo på eit vis i ferd med å verte eit val for eller mot Terje Søviknes som ordførar i Bjørnafjorden kommune, dette. Det er ingen tvil om at han er ein flink politikar. Det seier seg vel sjølv. Ein blir ikkje minister i landet eller nestleiar i Frp utan å vere flink. No har rett nok pilane ikkje berre peika oppover for Frp etter at Søviknes vart nestleiar i partiet, men det trur eg neppe vi kan skulda han for åleine. Problemet vårt her i bygda er at det diverre ikkje hjelp å vere flink når det ein er flink til er å styre kommunen i feil retning. Då blir det tvert om ei ulempe.

Eit døme kan hjelpe: I ein debatt under Arendalsuka skrytte Søviknes av at vi har gått frå 70 til 75 prosent heiltidsstillingar i omsorgssektoren i Os kommune, og at vi arbeider med målsetting om å auke til 80 prosent (Fusa var ikkje nemnt i diskusjonen). Hadde det berre vore så vel. Vi er diverre milevis unna slike tal, noko alle som er opptekne av problemstillinga med ein gang forstod. Det er berre ca. 27 prosent av dei tilsette i helse- og omsorgssektoren i Os som har heiltidsstillingar. Snittet i alle kommunar er 35 prosent, så talet til Søviknes er så langt ute på viddene at det nesten er komisk. I etterkant av debatten prøvde han å forklare det bort som ein glipp, men denne ‘glippen’ røper mykje. Den syner kor lite viktig temaet er for dagens posisjon. Frp og Høgre i Os har så lite fokus på å auke delen heiltidsstillingar i sektorar der det er ei kjent utfordring, at dei rett og slett ikkje anar kva tala for dette er i kommunen. Eg skulle ynskje ein heller var ærleg på det då, at ein ikkje tykkjer dette er viktig, i staden for å snakke til oss veljarar slik eit reklamebyrå gjer til potensielle kundar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Auka bemanning, meir heiltid

Heiltidsstillingar er viktige! Dei er så viktige, og av så mange grunnar, at eg gjentek det sjølv om det ser litt rart ut: Heiltidsstillingar er viktige! Dei fleste som les dette er einige i det. Mange av dei igjen er tilsette i kommunane våre, eller kunne ha vore det med ei anna politisk leiing. Det er svært sjeldan i privat næringsliv at ein får velja si eiga leiing, men for alle de som er tilsette i Os eller Fusa kommune i dag, så er det nett det de gjer i dette kommunevalet.

Bjørnafjorden SV går til val på auka bemanning, meir heiltid, betre samarbeid med fagforeiningane. Våre løysingar betyr betre løns- og pensjonsvilkår for deg som er tilsett i kommunen enn det du har for å gjere den same jobben i privat regi. Det hadde vore ei særs populær leiing i det private som opererte med slike verdiar.

Men det er altså ikkje desse verdiane dagens politiske leiing i Os styrer etter, og då er det ikkje Søviknes og Frp åleine eg tenkjer på. Høgre gjer i desse dagar sitt beste for å overtyde oss om at dei ikkje er identiske med Frp, og at dei har sin eigen ordførarkandidat i Marie Bruarøy. Det er ikkje lett.

Høgre har styrt saman med Frp i Os så langt tilbake som dei fleste av oss hugsar. I snart 20 år har Høgre i praksis vore så einige med Frp i Os at for oss andre rett og slett er umogeleg å sjå noko praktisk forskjell på dei to partia. Du kan jo berre prøve å bla deg bakover i lokalavisene og sjå kor mange eksempel du finn på politisk usemje mellom dei to partia i Os.

Dei to ordførarkandidatane deira er begge frå Os, og toppen av begge listene er tettpakka med namn frå denne sida av fjorden. Det er ingen som trur at dei ynskjer noko anna enn å vidareføre det tette samarbeidet i den nye kommunen. Om dei lukkast, forstår vi alle kven som blir den første ordføraren i Bjørnafjorden kommune.

For å seie det med klartekst: Om du er oppteken av at Bjørnafjorden kommune skal styrast med ein annan politikk enn den Os Høgre og Os Frp har styrt Os kommune med i 20 år, så er det ikkje Høgre du skal stemme på. Verken nord eller sør for Bjørnafjorden.

Sparebluss på livsviktige tenester

Er du ikkje litt lei? Vil ikkje du, bjørnafjordingen, ha nokon som faktisk arbeider for at kommunen sine tilsette skal få heiltidsjobbar når dei påstår at dei gjer det? Vil du ikkje heller gje di tillit til nokon som faktisk ynskjer å bli sett i korta, fordi dei meiner at det er på den måten ein kommune skal styrast på demokratisk vis til det beste for innbyggjarane? Og ikkje berre seier dei er for meir openheit, før den neste viktige avgjerdsla igjen vert teken i eit lukka rom med eit referat skjerma for innsyn med ei vag grunngjeving.

Blir ikkje du òg bekymra når du må få informasjon frå opposisjonen i Os om at kommunegjelda rasar av garde til nye og uana høgdar? Ein ting er dei kostnadene han utgjer med dagens rentenivå, men prøv å rekne på kva eit rentenivå som det vi hadde under finanskrisa vil bety for tenestene i den nye kommunen. Sjølv er eg spesielt lei av at ein skryt av dei gode resultata frå kommunebarometeret, men aldri problematiserer dei delane av barometeret vi gjer det svakt på. I sektorane barnehage, helse og sosialtenester ligg vi langt under midten blant alle kommunar år etter år. Vi høyrer frå tilsette i dei fleste offentlege sektorar at det dei fyst og fremst ynskjer er fleire kollegaer. Det er for få på jobb der tenester til kommunen sine innbyggjarar vert produserte. Det vi har gjort i Os, og det som verkar å vere det eigentlege prosjektet som Søviknes og Bruarøy ynskjer å vidareføre i Bjørnafjorden, er å spekulere i kor lite ein slepp unna med å tilby og til kor låg kostnad. Dette er ikkje effektivitet, det er sparebluss på livsviktige tenester.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kjennest nok no. Vi ynskjer ikkje dette for Bjørnafjorden kommune. Denne gangen tenkjer eg vi seier ‘takk for innsatsen, men no vil vi ha noko anna’. Då treng vi at alle de som er ferdige med å vere motvillig stivpynta mannekengdukkar i Frp sitt utstillingsvindauge stemmer på ei reell endring. Denne gangen stemmer vi på ein politikk for dei mange, ikkje for dei få!

Craig Russell Lundervik Bøthun

Sekretær, Bjørnafjorden SV