Kva skal ein med reguleringsplanar når dei ikkje vert fylgde opp?
Sist me høyrde noko om desse planane var for ni år sidan.
Den 7. mai 2013 vart det godkjend tre reguleringsplanar for Fv 552 på strekninga Eikeland-Austestad, Dorganeset- Kvålsneset og Gjerdevik.
Det er vel på høg tid å finna skuffa som desse planane er forlagde i og få dei på bordet igjen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sist me høyrde noko om desse planane var for ni år sidan, før kommunevalet i 2015. Då hadde så godt som alle kommuneparti FV 552 Eikelandsosen-Venjaneset på agendaen.
Etter det har det vore heilt stilt.
Sidan 2013 og fram til i dag har trafikken på dette strekket auka svært mykje, spesielt dei par siste åra.
Folk kvir seg med å bevega seg langs vegen både til fots og på sykkel. Det renn på med personbilar, tungtransport og bussar heile tida.
Bussar, ja, det er eit kapitel for seg.
Eg har lenge reagert på alle dei tomme bussane som fer forbi, av og til er det rett nok 1 eller 2 passasjerar med.
For moro skuld sjekka eg rutetabellen og fann ut at det kvardagar går 21, TJUE-EIN, bussar i rute frå Eikelandsosen til Os og like mange den andre vegen.
Kjekt med buss, men kjære folk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Halvparten av avgangane kunne sikkert vore kutta utan særleg problem for dei reisande og heller late Strandvik, Sundvor/Baldersheim og Boga fått utvida rutetilbodet til og frå Eikelandsosen.
Tilbake til utgangspunktet: Håper politikarane våre seier eit rungande JA til å få planane for utbetring av Fv 552 på bordet igjen.
Heile vegstrekket Eikeland -Gjerdevik må før eller seinare verta gjort noko med, helst før.
Asbjørn Rosnes