Meir merksemd: Dette innlegget har ikkje til hensikt å rakka ned på tilbodet vi allereie har, men er mi moglegheit til å leggja fram eit forslag eg meiner bør få meir merksemd.

Kva med ei servicelinje mellom Strandvik og Eikelandsosen?

No har talet bussavgangar auka frå Eikelandsosen til Os, men kva med oss frå Skjørsand og utover? Og kva med våre eldre innbyggarar?

I Bergen har dei servicelinjer: «Servicelinjene er eit tilbod særskilt tilrettelagt for eldre og andre som har ærend i nærområdet sitt på dagtid. Bussane er spesialtilpassa med lågt golv og er tilpassa for rullestol, barnevogner o.l..»

Minibussen køyrer til faste tider og bruker busstoppa som allereie er der. Kvifor kunne me ikkje fått det same frå Strandvik til Eikelandsosen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbodet skal vera for dei eldre. Kommunen har tross alt fleire eldre i sin demografi. Det er ikkje like lett for alle å koma seg inn til vegkrysset ved Fusatun for å hoppa på bussen til Eikelandsosen eller Os.

Me har buss frå Strandvik, men ein må uansett byta buss om ein vil til Eikelandsosen. For nokon kan dette vera stressande.

Mange har heller ikkje bil, og for nokon blir det for hardt å gå lange strekningar til vegkrysset for så å ta buss, gjera ærend i Eikelandsosen, ta bussen tilbake, for så å gå lange strekningar heim att.

Det er heller ikkje for alle å ringja til frvilligsentralen, taxi eller kjenningar for å få dei til å køyra seg. Ein vil jo gjerne vera sjølvstendig.

Mitt forslag er ei Servicelinje. Denne skal vera for eldre personar. Kva år ein vil nytta som max-grense, får kommunen, fylkeskommunen eller Skyss avgjera. Eg meiner desse har eit særleg ansvar for å gje dei eldre på denne sida av fjorden eit slikt velferdstilbod. Det meiner eg dei eldre har rett på å få.

På denne måten vil dei kunna koma seg ut, møta og snakka med folk, og kanskje det blir enklare å koma seg til lege og apotek.

Det er viktig at tilbodet kjem til dei eldre, utan at dei må spørja sjølve. Dei har vore med og byggja opp denne kommunen, og eg synest ikkje at dei eldre utanfor Eikelandsosen bør bli gløymde.

Det er òg viktig å gje dei eldre eit tilbod om å koma seg inn til 'Fjorden' når dei elles blir oppmoda til å bu heime så lenge som mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om bussen ikkje alltid er full, bør linja gå éin til to gonger i veka. Bussen mellom Eikelandsosen og Os er til tider nesten tom, men den går uansett.

På dei dagane servicelinja går, kan minibussen gå frå Strandvik til Eikelandsosen og tilbake, éin gong tidleg på dagen, og ein gong seinare på dagen. Dette må skje til faste tider, slik at ein har kontinuitet. Og ein bør nytta seg av busstoppa som allereie finst. På denne måten er det aldri tvil om kor bussen stoppar.

Det kunne òg vore interessant å sjå på behovet for servicelinjer frå andre stader og inn til Eikelandsosen. Vi har mange eldre i utkantane. Dei skal heller ikkje kjenna på kjensla av å bli gløymde.

Avslutningsvis vil eg seia at det er bra at Skyss har auka talet avgangar mellom Eikelandsosen og Os, og bussen frå Strandvik er eit godt og trygt tilbod som det er, med særs flotte sjåførar.

Dette innlegget har ikkje til hensikt å rakka ned på tilbodet vi allereie har, men er mi moglegheit til å leggja fram eit forslag eg meiner bør få meir merksemd. No meiner eg at tida er moden for at dei eldre òg skal få eit tilbod tilpassa dei.

Marius Haga Skår