Kor og korleis skal vi bu framover?
Kommunedelplan for Bjørnafjorden vest er godkjent. I over 10 år har diskusjonane gått på kor vi skal bygge. No treng vi å snu diskusjonen til kva vi skal bygge.
ABO Plan & Arkitektur AS er involvert i svært mange prosjekt i kommunen og ønskjer å vere ein pådrivar for ei samfunnsutvikling som formar omgjevnadene til beste for komande generasjonar.
Legg rammene
I november 2022 vedtok Bjørnafjorden kommunestyre samfunnsplan for den nye kommunen. I forordet til planen viser ordførar til at samfunnsplanen legg rammene for aktivitet, planlegging og arealbruk. Som oppfølging av planen er det utarbeidd strategiar for korleis måla i samfunnsplanen skal følgjast opp vidare når det gjeld langsiktig arealbruk, arealforvaltning og tettstad- og bygdeutvikling.
Artikkelen held fram under annonsen.
Desse måla er tatt vidare i arbeidet med kommunedelplan for Bjørnafjorden vest (KPDA), som vart vedtatt av Bjørnafjorden kommunestyre 11. mai 2023. Denne planen seier for eksempel kor kommunestyret ønskjer at det skal byggjast bustader i denne delen av kommunen. Føresegnene som følgjer planen, seier noko om type bustader, krav til parkering og leikeplassar, buffersone mot landbruk, renovasjon og ei rekke andre tema.
Høg vekst
KPDA legg opp til høg vekst i folketal, og i samband med meklinga kommunen hadde med Statsforvaltaren, vart ein samde om at over 50 prosent av veksten framover skal skje i og nær Osøyro. Dette betyr at mykje vil skje her i tida som kjem. Nye bustader kjem der det ikkje har vore bustader før, og etablerte nabolag vil verta endra.
Nyleg vedtatt kommunedelplanen for Bjørnafjorden vest, peikar på nokre område tett på Osøyro som utviklingsområde og det er definert ei fortettingssone (stipla linje på kartutsnittet under) der hovudveksten skal kome.
Kartutsnittet viser mellom anna sentrumsføremål (brunt/lysebrunt), eksisterande bustadområde (lysegult) og nye bustadområde (mørk gult).
Det er grunneigarar innanfor denne avgrensinga som ønskjer utvikling av eigedomane sine, mens andre ikkje ønskjer det. Planprosessar og utbyggingar engasjerer. Nokon vert bekymra og sinte, mens andre applauderer og ønskjer endringar velkomne.
Strenge krav
Plan- og bygningslova stiller strenge krav til medverknad og naboar skal alltid varslast om det gjeld eit søknadspliktig tiltak. Det skal mykje til at ein kan hindre ei utbygging som er i tråd med kommunestyret sitt vedtak, men gjennom formelle prosessar har naboar og andre høve til å gi innspel og merknader på kva som vert bygd i deira nabolag.
Dei fleste av oss er skeptiske til endringar og vil helst ha det slik vi er vane med. Historia viser likevel at det meste går seg til og vi ven oss til nye situasjonar.
Flyfotoa under viser området nord for Banktjørnhaugen frå tidleg 1950-talet og fram til 2020. I løpet av eit par generasjonar har området vorte endra frå urørd natur til tett utbygd.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slike døme har vi mange stader i kommunen. Framover vil dei største endringane kome i dei områda politikarane har definert som senterområde, og Osøyro er eitt av desse områda.
Berekraftig
Samfunnsplanen seier at Bjørnafjorden kommune skal ha ei berekraftig utvikling. Det vil seie at vi må ta omsyn til natur-, klima og miljø og utvikle lokalsamfunna slik at dei fremjar god folkehelse, trygge bumiljø og reduserer ulikskap.
I tillegg til klima- og miljøperspektivet, vil demografiske endringar i samfunnet også få betydning for korleis vi riggar oss for framtida. Dette gjeld for eksempel auka tal eldre og auka tal åleinebuande.
Ved inngangen til 2023 var det til saman 1.084 eldre over 80 år i Bjørnafjorden kommune (kjelde SSB.no). Dette talet vil meir enn doble seg i 2040 (2.367) og nær tredoble seg i 2050 (3.024).
Samstundes vil tal unge i arbeidsfør alder (24-69) kun auke med 12 prosent. Det betyr at det vert langt færre hender som kan dekke opp behov innafor ulik tenesteyting.
Bu trygt heime
For få dagar sidan kom regjeringa sin nye stortingsmelding «Bu trygt heime». Eitt av måla med reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime lengre. Det krev langt fleire tilgjengelege bustader og bumiljø, slik at folk har eit reelt tilbod om helsa sviktar.
Einsemd og utanforskap er ei stadig større utfordring i samfunnet vårt og det er grunn til å spørje om det er fleire store einebustader vi treng. Behova framover krev meir differensiert bustadtilbod, fleire dele- og fellesskapsløysingar, fleire sosiale møteplassar og i prisklassar som gjer at folk i alle aldrar og livssituasjonar kan bu trygt og godt.
For tida er ABO engasjert i ei rekke prosjekt i og nær Osøyro, for eksempel områdeplan Hauge, hotell ved Oseana og bustadprosjekt i Greidalen, Giljavegen, Finnabrekka, Stegen12 og Sveo.
Artikkelen held fram under annonsen.
Engasjementet i mange av sakene er stort og det set vi pris på. Endeleg resultat vert ofte betre med fleire blikk og gjennom konstruktive diskusjonar.
Endringar kjem, og vi treng difor gode diskusjonar på korleis vi skal bu framover og kva vi skal byggje for å rigge lokalsamfunnet for nye tider og nye generasjonar.
ABO Plan & Arkitektur AS