Ikkje sel!
Mi oppmoding er at om du sit på ein aksje i Os & Fusaposten: Hald fram med det, så får ein stoppa dette som er i ferd med å skje.
«No er det nok, Christian Stabell» var overskrifta til styret i Os & Fusaposten AS. Stabell og kona selde dei fleste aksjane sine i lokalavisa til ein dei trudde var ein idealist. Og no når det viser seg at dei har vorte grundig lurt, må dei læra seg å leva med tabben sin.
Men dette er langt frå hovudpoenget.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei siste åra har finansmannen Odd Øie kjøpt stadig fleire aksjar i Os & Fusaposten. Vedtektene for Os & Fusaposten seier at ingen kan eiga meir enn 20%, og Øie har difor brukt familiemedlemer og kjenningar for å tileigna seg desse.
Grunnen er enkel: Vedtektene i dag seier at ingen kan røysta for meir enn 10%, uansett kor mange aksjar ein eig. Men dersom Øie med familie og kjente får kjøpt seg nok opp, kan vedtektene endrast. I sin tur kan difor selskapet bli selt vidare med god profitt.
Om ein lurer på korleis Øie har fare fram tidlegare, kan ein googla eller lesa den tidlegare redaktøren sine lesarbrev på nytt. Øie er investor, slike som skapar seg ei formue av andre folk sitt arbeid og verdiar. Tidsskriftet Kapital kan fortelja at han no er blitt milliardær.
Lokalavisa vår er tufta på idealisme. Dei som kjøpte seg inn i føretaket gjorde dette ikkje for økonomisk vinning, men fordi ei lokalavis var ein verdi i seg sjølv. Opplysande, engasjerande og samfunnsnyttig. Det er lokalbefolkninga som har hatt hand om eigarskapet med ein eller nokre få aksjar kvar. Det som no er i ferd med å skje, står i grell kontrast til dette.
Eg meiner det er heilt hinsides at ein råkapitalist som kan alle triksa i boka, og brukar dei, skal få skumma fløyten og verta endå rikare. Er det verkeleg slikt samfunnet treng meir av?
Mi oppmoding er at om du sit på ein aksje i Os & Fusaposten: Hald fram med det, så får ein stoppa dette som er i ferd med å skje.
Morten Holmefjord