Fjellheim 85 år (1938-2023): Trengst meir enn nokon gong
85 år er kanskje ikkje eit stort jubileum, men med Frp/H og KrF i førarsetet i kommunen, kan alt skje med Fjellheim rundt neste sving.
17. juni 2011 vart Oseana offisielt innvigd, og det markerte starten på ei ny tid der praktbygget på Mobergsneset hadde teke over stafettpinnen frå Fjellheim. Nokre månader før opninga av Oseana kunne vi lesa i Os & Fusaposten at kommunen hadde lagt planar om å riva Fjellheim.
Dette var opptakten til foreningen Bevar Fjellheim som vart registrert i Brønnøysund året etter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fjellheim: Eit Idretts- og kulturbygg
Fjellheim vart bygd som eit kombinert idretts- og kulturbygg, og heilt utan kommunale tilskot.
Os Musikk- og Turnforening hadde hatt eit unikt samarbeid heilt sidan 1909 då dei gjekk saman om å kjøpa tomten innunder fjellknausen på Moberg for å realisera bygging av det første Fjellheim som vart innvigd i 1911.
Det første Fjellheim-bygget brann ned til grunnen 30. august 1936, om natta etter ein laurdagsdans i Fjellheim. Den gamle trebygningen frå 1911 vart påbygd i 1926, og ei ny stor utviding var ferdig prosjektert i 1936. Fjellheim ville i så fall blitt nesten dobbel så stor, og om lag i areal som noverande Fjellheim.
Fjellheim og Posthuset (Tanngarden)
Den profilerte arkitekten Johan Lindstrøm frå Bergen (og oppvaksen i Lærdal) hadde teikna påbygget til Fjellheim samstundes som han hadde eit anna oppdrag i Os, nemlig å teikna nytt postbygg (no Tanngarden) eit steinkast frå Fjellheim.
Johan Lindstrøm og tidlegare postmeistar i Os, Arne Hjermann, kjende kvarande frå Lærdal, og dette var nok bakgrunnen for at foreiningane fekk hyra inn ein såpass profilert og kjend arkitekt som Johan Lindstrøm.
Etter storbrannen fekk Lindstrøm no eit heilt nytt oppdrag, og det var å teikna eit heilt nytt bygg på branntomta, inkludert tomta til det planlagde tilbygget.
På kort tid hadde han ferdige teikninger til eit nytt og stort Fjellheimbygg i mur (teglstein/«engelsk hulmur»), og bygget vart slik vi ser det i dag (utan dei to tilbygga frå 1991).
Vi har mykje å takka den tidlegare forretningsføraren for Fjellheim (og kinoen), Harald Kuven, for at vi i dag har ein kulturskatt som Fjellheim, og som vi må må ta vare på ved å ta bygget i bruk att. Posthuset vart innvigd i 1937 og Fjellheim i 1938.
Artikkelen held fram under annonsen.
Innviingsfest over tre dagar
I år er det 85 år sidan Fjellheim vart innvigd med ein storstilt innviingsfest og eit program som strekte seg over tre heile dagar. Det var ikkje heilt ulikt opninga av Oseana.
Laurdag 5. februar – Innviingsfest
Innviingsfesten var ei storhending i Os-bygda med 350 inviterte gjestar. Blant dei meir prominente gjestane var teatersjefen på Nationale Scene, Hans Jacob Nilsen, ordførar Nils Tveit og sjølvsagt arkitekten for bygget, Johan Lindstrøm.
Søndag 6. februar – Kino
Det var klart for første kinoframsyning i nybygget, og den brukte kinomaskina som foreiningane hadde kjøpt inn, besto generalprøven med glans. Tre fullsette framsyninger av filmen Louis Pasteu r(som fekk tre Oscars) rulla over lerretet, og vart såleis første offisielle film i Fjellheim.
Mandag 7. februar – Gjestespel DNS
Det var klart for gjestespel med DNS og Ibsen-stykket Gjengangere, og med det var tre utrulege festdagar i Fjellheim over.
Meir om historia til Fjellheim kan ein lesa i bladet «Osingen» frå 2011 med tittelen «100 år med Fjellheim».
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit «nytt» og moderne Fjellheim
Tidlegare Os kommune kjøpte Fjellheim frå Os Musikk- og Turnforening 1.1.1989 for ein sum som var langt under takst, men med kommunen sine planar for ei storstilt oppgradering og modernisering av bygget, vart kommunal overtaking ei god løysing for foreiningane, kommunen, og ikkje minst for brukarane.
Det meste av oppgraderinga skjedde i løpet av 1990-92 etter ein lang prosess med innspel frå bl.a. åtte faste brukargrupper.
Os Musikk- og Os Turnforening var sjølvsagt to av desse gruppene.
Det store tilbygget mot sør vart bygd i 1990-91, og bl.a. ny elektrisk kabel vart strekt inn gjennom det nye tilbygget på sørsida. Nesten heile Fjellheim-bygget (minus loftsetasjen) vart oppgradert og modernisert i perioden 1990-92. Alt elektrisk, sanitær, vass/avløp m.m. vart nytt eller rehabilitert i denne perioden.
I oktober 1994 vart det store ventilasjonsanlegget med varmegjennvinning montert. «Johnny'en» (Johnny Christensen) kunne etter kvart regulera ventilasjonen med PC-en sin alt etter aktiviteten.
Os Musikk- og Turnforening skifta tak i 1982, og alle vindauge vart skifta i 1984. Det mobile og samanleggbare amfiet med plass til 120 personer kom ut på 2000-talet.
Hans Skogen, arkitekt og tidlegare fotballspelar på Oslaget, var ansvarleg arkitekt for oppgraderinga av Fjellheim, og teikna bl.a. dei til to tilbygga.
Oseana tar over stafettpinnen - Fjellheim blir ståande til nedfalls
I 2011 vart det flotte Oseana-bygget innvigd med ein flott opningsfest, akkurat 100 år etter at det første Fjellheim-bygget vart tatt i i bruk i 1911. Realiseringa av det store og flotte kulturbygget var utan tvil noko av det største som hadde skjedd på kulturfronten i kommunen på svært mange år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vart likevel ein stor bismak i kjølvatnet av Oseana som mange av oss fekk, då vi leste i Os & Fusaposten 16.04.2011 om planane for ei gigantisk utbygging av heile området frå Stegen til Likbrekka/Kvernelva. Fjellheim vart rett og slett fjerna med eit pennestrøk, og forklaringa var bl.a. at kommunen ikkje kunne driva to kulturhus.
Bevar Fjellheim som vart etablert seinare på året, vart registrert som foreining i Brønnøysund året etter. Vi var mange som vart sjokkerte då vi las om desse planane, og vi mistenkte sjølvsagt Terje Søviknes for å ta initiativ til dette. Etter kvart som åra gjekk, og huset vart ståande utan varme og lite tilsyn, kom påstandar om at huset var i dårleg stand osb.
Det er kort sagt respektlaust, kunnskapslaust og ei skam for kommunen å la eit slikt flott og allsidig brukshus i sentrum gå til grunne.
Gløym kommunedirektøren sine tal
Os & Fusaposten hadde ei stor overskrift 18.06.2019 der avisa skriv: «Minst 35 millionar for å rusta opp Fjellheim: Er det verdt det?». Dette talet har tydelegvis sett seg fast i minnet til mange lesarar av lokalavisa. Camilla Kvamme i avisa refererte tala som kommunedirektøren hadde kome med ved jamne mellomrom. Sjølv om Rambøllrapporten «berre» syner 25 millionar for Fjellheim, er også talet framleis 8-10 gonger større enn den summen som trengst for å ta Fjellheim i bruk att. Korleis kunne slike fatale feil skje?
Det korte svaret er bl.a. at matrikkelen for Fjellheim berre synte vaktmeisterbustaden (bygd 1957) sine data, og verken Rambøll eller kommunedirektøren hadde med informasjon om at Fjellheim var fullstendig oppgradert innomhus i 1990-94 og tak og vindauge vart skifta i 1982 og 1984.
Kommunedirektøren burde sjølvsagt følgd meir med i timen då Oseana fekk i oppgåve å utarbeida rapportar for oppgradering av Fjellheim.
Trengst meir enn nokon gong
Fjellheim står framleis der, like majestetisk og flott, 112 år etter at det første Fjellheim-bygget vart reist av Os Musikk- og Turnforening i 1911. Bygget er svært solid bygd, og kan husa mange ulike grupper.
I dei flotte kjellarsalane hadde vi i Os ungdomslag folkedansøvingane våre om tysdagane i mange år samstundes som Os Turn si aerobicgruppe dundra og trampa i hovudetasjen rett over oss utan at vi kunne merka det med mindre vi gjekk ut i gangen. Det er altså fullstendig lydtett mellom etasjane, og det var berre eitt lite døme på kvalitetane til dette unike bygget.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mobilt og samanleggbart amfi til 120 personar kom ut på 2000-talet.
Tore Moberg