Etter det store tapet av vår gode varaordførar Mikal Leigland
Bjørnafjorden Senterparti har sendt ut pressemelding om vegen vidare.
Bjørnafjorden Sp har i tida etter det store tapet av vår gode varaordførar Mikal Leigland hatt fokus på å oppretthalda hans gode arbeid.
Vi har lagt til grunn fordelinga av verv og posisjonar som vi vart tildelt etter valget i 2019.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vi ynskjer å ha mest mogeleg ro og stabilitet vidare i politikken og i Bjørnafjorden kommune, derfor foreslo vi Harald Lekven som varaordførar, og at Hege Aase Tysnes tek Sp sin plass i formannskapet. Slik opprettheld vi også Fusa sin representasjon i formannskapet.
I kommunestyret no vart Hege Aase Tysnes valgt inn i formannskapet og Harald Lekven vart valgt som varaordfører.
Fokuset vidare vert å arbeide for gode løysingar i dei ulike bygdane og for folk. Vi minnast Mikal Leigland med vyrnad.
Bjørnafjorden Sp ved kommunestyregruppa og styret