Enklare bilstønadsordning
Bilstønadsordninga er ei viktig ordning for menneske som ikkje er i stand til å reisa med offentleg transportmidlar. For å gjera ordninga enklare for desse brukarane, sender regjeringa no på høyring forslag til endringar.
Folketrygda skal kompensera for bestemte utgifter til betring av arbeidsevna og funksjonsevna i dagleglivet for dei som har sjukdom, skade eller lyte. Det kan gjevast stønad til ordinære personbilar (gruppe 1-bil) eller spesialtilpassa kassebilar (gruppe 2-bil).
Dagens bilstønadsordning blei innført i 2003. Evalueringar av ordninga etter dette har vist at ein bør sjå på fleire endringar. Og nokre endringar er allereie gjort. For eksempel den gledelege endringa som vart gjort i 2012 der tildelingskriteria for gruppe 2-bilar vart endra slik at born og unge under 18 år med sterkt avgrensa gangfunksjon, etter ei nærare vurdering kan tildelast gruppe 2-bil. Og frå året etter (2013), blei dette utvida til også å gjelda for dei over 18 år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seinast i 2015 vart det gjort nye endringar. Då vart bilordninga utvida til å gjelda alle personar som hadde behov i gruppe 2-bil. Samtidig blei tilskotet til gruppe 1-bil gjort gjeldande for personar som er avhengige av bil for å koma seg til og frå arbeid.
Endringane ein no ønskjer å gjera, er at stønaden skal skje i form av eit tilskot for alle som mottar stønad til bil. I dag vert denne stønaden gitt til bil enten i form av rente-og avdragsfritt lån eller som tilskot, avhengig av kva for eit køyretøy det er snakk om. Det er også foreslege endringar i behovsprøvinga, sånn at det berre er søkjarens eiga inntekt som vert lagt til grunn. I dag vert også ektefellas inntekt teken med i vurderinga. Endringane vil gjera ordningane enklare å administrera og gje brukarane større grad av fridom i forhold til bruk av bilen og val av forsikring.
Frp er særs nøgd med at ein endrar ulike ordningar mot det betre for brukaren. Det å ha brukarperspektivet i fokus må ein aldri sleppa. Og om ein i tillegg brukar mindre på administrasjon og byråkrat,i så er dette bra.
Laila Reiertsen
Os Frp