Eit budsjett der vi seier ja til dei som treng oss mest
Eg er stolt over å vera med og leggja fram framlegg til budsjett for 2021 på vegner av KrF, saman med samarbeidspartia Sp, Ap og MDG.
Det har vore ein krevjande prosess å laga budsjett denne gongen, då det har vore krav om store kostnadsreduksjonar. Eg synest likevel at vi har evna å prioritera tenesteproduksjon og heller stilla krav til effektivisering innan administrasjonen.
Det som eg vil trekkja fram på vegner av KrF er følgjande:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Styrking av ASVO-arbeidsplassar
- Opprettahalda tryggleikssjukepleiar
- Oppretthalda diagnosespesifikke stillingar (diabetes, kreft og kols)
- Gjennomføra forsøk med fritidskortet
- Auke i stønad til kyrkja (drift av kyrkjegardar)
- Framleis stønad til skyss til skulegudsteneste
- Tydelig satsing på trafikktryggleik omkring i kommunenn
Når det gjeld Fritidskortet, er KrF oppteken av at kommunen i 2021 søkjer på prøveordninga. På den måten får ein friske pengar som vil å vera med og sikra inntekter til frivillige lag og organisasjonar som legg til rette for aktivitetar for born og ungdom.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bjarte Samnøy
Gruppeleiar KrF