Storebror: Eg valde å tru godt om storebror, og meinte at han ville oppføre seg anstendig.

Ein gong storebror - alltid storebror?

Då ideen om éin kommune dukka opp, var Os så definitivt den dominerande parten.

Då tanken om ei samanslutning av Os og Fusa kommunar dukka opp for nokre år sidan, var stemninga blant oss på austsida av fjorden noko blanda.

Somme meinte dette var ein dårleg idé. Andre var meir skeptiske og avventande, men ikkje direkte avvisande. Og så fanst det vel nokre få som syntest at dette var ein strålande tanke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv høyrde eg vel til mellomgruppa. Skepsis ja, men også litt nyfiken på kva dette kunne føra til. Dei to sidene har jo eit tett felleskap, historisk sett.

I eldre tid var det eit nært samband mellom Os- og Fusa-bygdene (særleg Fusa sokn). Dette kom til uttrykk på fleire måtar. Flytting og giftarmål over fjorden var mykje utbreidd. Eg har mang ein fjern slektning i Os. Me ser også hopehavet i dåpslistene i kyrkjeboka. Mange nyfødde hadde fadrar frå hi sida av fjorden.

Sambandet manifesterte seg elles organisatorisk i felles skipsreide og prestegjeld (Ous). Då formannskapslovene kom i 1837, fall det seg naturleg å danna ein kommune av dette fellesskapet (fram til 1855).

På dette tidspunktet var det neppe så stor skilnad mellom bygdene på aust- og vestsida av fjorden, verken økonomisk, sosialt eller kulturelt. Men litt etter litt begynte bygdene å skilja lag.

Nærskapen til Bergen kom gradvis til å omskapa Os-bygda, med sterk tilflytting, aukande folketal og nye økonomiske mønster, med den sosiale og kulturelle betydninga dette hadde. Fusa-bygdene var meir skjerma mot denne urbane påverknaden.

Då ideen om éin kommune dukka opp, var Os så definitivt den dominerande parten. Det var to asymetriske kommunar som slo seg saman - ein storebror og ein vetlebror. Dette var synleg for mange av oss, og i mitt tilfelle skapte nok dette ein viss skepsis til samanslutninga. Men eg valde å tru godt om storebror, og meinte at han ville oppføre seg anstendig. Han ville ikkje misbruke den makta ein storebror alltid har. Men når krubba er tom, så bitest hestane, som det heiter. Og då kan det fort bli den sterkaste som vinn.

Er budsjettframlegget frå Søviknes & Co uttrykk for ein storebror som misbrukar makta si?

Nils Kolle