Eikelandsfjordingar - kor er de?
Det er éi røyst eg saknar.
I desse dagar, då lokalavisa fløymer over med innlegg om skulenedlegginga som trugar, er det éi røyst eg saknar: Folk frå Eikelandsfjorden, altså de som soknar til Eikelandsosen barneskule.
Kva synest de om å få alle desse borna utanfrå, frå Fusa og frå Holmefjord/Boga? Dette vil jo snu opp ned på skulen i Fjorden, slik me kjenner den i dag. Vil ikkje det nære og intime, det som knyter skulen og bygda i hop, gå tapt?
Artikkelen held fram under annonsen.
Nils Kolle