Heile biletet: Det er ikkje meininga å setja ulike grupper opp mot kvarandre, men eg tenkjer at ein må sjå heile biletet.

Eg trur vi kjem inn i ein vond sirkel om dette vert gjennomført

Mange pårørande er fortvila og har mange spørsmål.

Luranetunet har eige brukar- og pårørandeutval. Dette utvalet er eit rådgjevande organ for leiinga. Utvalet er sett saman av representantar for bebuarar, pårørande, tilsette, eldreråd, frivilligsentral og leiinga.

Som medlem i dette utvalet og som pårørande, var eg til stades på møtet der alle pårørande var inviterte inn i samband med budsjettkuttet ved buavdelingane på Lurane, tilsaman 32 plassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var mange fortvila pårørande, med mange spørsmål om kva som skjer viss og når avdelingane skal fasast ut. Skal bebuarane flyttast til andre avdelingar?

Kuttet vil generera større press på dei fleste avdelingar på Luranetunet. Og dei som står på venteliste, vil få mindre avlasting på grunn av lite rullering. Dette kuttet vil med andre ord ikkje berre råka bebuarane på buavdelingane. Eg trur vi kjem inn i ein vond sirkel om dette vert gjennomført.

I budsjettframlegget vert det sagt at plassane skal tilbydast personar lengre nede i omsorgstrappa. Omsorgstrappa har fem trinn, og eg vil tru at dei som bur på buavdelingane i dag, tilhøyrer øverste trinnet: § Det øvste trinnet i trappa er tenester for den som treng hjelp til det meste, og som bur fast på institusjon eller i omsorgsbustad.

Dersom desse 32 plassane skal fasast ut, til fordel for personar lengre ned i trappa, kvar skal ein då tilby plass til dei som treng det mest? Dette vil igjen auka presset på heimehjelpstenesta og heimesjukepleien som skal «serva» desse avdelingane. Desse er allereie kutta til beinet!

I sommar kunne vi lesa i lokalpressa at kommunen brukar store summar i betaling til sjukehusa for ferdigbehandla personar som kommunen ikkje kan ta imot grunna manglande plassar. Korleis er den stoda no?

Det er ikkje meininga å setja ulike grupper opp mot kvarandre, men eg tenkjer at ein må sjå heile biletet i eldreomsorga, og la dei gamle, pleietrengjande få den roa dei fortener i sine siste år.

Åse M. Gjerde

Medlem i brukar- og pårørandeutval