Eg tør ikkje tenkja på kva me mister viss me mister skulen
Samhald, dugnadsånd, tryggleik, lokal tilknyting. Me har ei levande bygd som fleire barnefamiliar har flytta til dei siste åra.
Torsdag følgde eg min eldste son til første skuledag i 2. klasse ved Ådlandsfjorden barneskule. Det håper eg å kunne gjere for min yngste son om nokre år også.
Til ein skule me kjenner og til eit miljø me er trygge på. Eg har gått på denne skulen sjølv og har kjent mange av dei andre foreldra sidan eg var liten. Det er enkelt å ha god dialog med dei andre foreldra fordi me blir kjente med kvarandre. Me treffer kvarandre til dømes på parkeringsplassen til skulen og barnehagen, på nærbutikken vår og elles i bygda.
Artikkelen held fram under annonsen.
At barnehagen og skulen er i same bygg, er veldig trygt for ungane. Overgangen til skulestart vert mindre skummel, trur eg. Og skulestarten i fjor for vår del vart bra, takk vere supre lærarar! Dei såg kva som fungerte for vår son og hadde anledning til å tilpasse slik at han fekk ein god skulekvardag.
Eg tør ikkje tenkje på kva me mister viss me mister skulen. Samhald, dugnadsånd, tryggleik, lokal tilknyting. Me har ei levande bygd som fleire barnefamiliar har flytta til dei siste åra.
Eg flytta heim igjen til bygda i 2015 og trivest veldig godt her, men det hadde ikkje vore det same utan ein lokal skule som samlar bygda.
Marie Kolle
Dette innlegget vart først send inn til kommunen som ein høyringsuttale til kommunen i samband med saka om skulestruktur.
Os & Fusaposten publiserer teksten med løyve frå innsendar.