Sårbare: Kommunen kan ikkje vera bekjent av å øydeleggja livskvaliteten til dei aller mest sårbare av innbyggjarane sine.

Eg håpar og trur kommunestyret vil avvisa framlegget til kommunedirektøren

Framlegget til kommunedirektøren om avvikling av bustadavdelingane på Lurane i si noverande form, er uhyggjeleg lesnad.

Kommunen kan ikkje vera bekjent av å øydeleggja livskvaliteten til dei aller mest sårbare av innbyggjarane sine. Ikkje noko kan erstatta heimen til bebuarane. For det er ein heim.

Les også
Lurer du på kva tilbod som kan forsvinna til neste år? Her er kommunedirektørens forslag

Alle har si vesle, koselege leilegheit der dei kan ta imot familie og vener. Her kan bursdagar feirast, her kan ein vera saman på dei store høgtidsdagane. For mange er det ikkje mogleg å gjera dette hos born eller ektemake.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bebuarane er gamle og sjuke, og har fått tildelt husvære på Lurane fordi det ikkje gjekk å bu heime. Dei treng hjelp og tilsyn heile døgeret; matservering, medisinering, toalettbesøk, oksygentilførsel, pustemaske.

Les også
Luranetunet: — Våkn opp og si deres mening om denne avviklingen!

Den sosiale kontakten med pleiarane er viktig. Dei har ein krevjande arbeidsdag, men har likevel overskot til smil og venlege ord. Kontakten med andre bebuarar har og mykje å seia.

Eg håpar og trur at kommunestyret vil avvise framlegget til kommunedirektøren.

Ståle Lothe

Les også
Kommunedirektøren har lagt fram budsjettet. – Det er ikkje med lett hjarte vi føreslår desse kutta