Eg forsvarar ikkje Hamaz, men….
Kan vi som bur i Norge, i Europa i verda sjå på at eit heilt folk blir utsett for krigsforbrytelser?
Det er tragisk for dei som vert utsett for slike handlingar som Hamaz gjorde sist laurdag. Soldatar frå Hamas i Gaza har tatt seg inn i Israel og massakrert sivile menneske. Dette er forferdeleg krigshandlingar og krigsbrot. Vi må ta sterk avstand og fordømma slike overgrep. Dei ansvarleg for dette må etterforskast og stillast for den internasjonale krigsforbrytardomstolen.
Den israelske hæren bryt også med folkeretten når dei bombar bustadblokker og sivile områder. Blokaden av Gaza og kolonisering av okkupert land må opphøra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men, det er eit bakteppe- eit bakteppe som mange gløymer, eller ikkje vil sjå.
Heilt sidan opprettinga av Israel i 1948 - via okkupasjon av Vestbredda, Gaza og Golan i 1967 og fram til i dag, har norske myndigheiter stått på Israel si side. Norge har, som resten av verda sett mellom fingrane på israelske overgrep mot palestinarane. Vilje til å sette ned foten mot klare brot på folkeretten har vore heit fråverande.
Jonas Gahr Støre seier han no vil ta eit oppgjer med Hamas. Det er bra. Men vil han også ta eit oppgjer med Israel? Vil han nokonsinne seia at palestinarane har rett til å forsvara seg mot Israel sine drap, fengslingar og tortur, mot kollektiv avstraffing av sivile? Vil han stansa norsk våpeneksport til Israel? Vil han kreve at norske våpen ikkje vert nytta i dei umenneskelige åtaka vi no ser i Gaza?
Menn, kvinner, born er innestengt i verdas største fengsel – Gaza.
Palestinarar er utsette for manglande menneskerettar, okkupasjon, apartheid og undertrykking. Mange millionar palestinske flyktningar bur i flyktningeleirar i Midtausten under forferdelege forhold.
Gaza har vore under blokade sidan 2007. Det lever 2,3 millionar palestinarar, nesten halvparten er born, innesperra under umenneskelege forhold. 10 år gamle born i Gaza opplever no sin fjerde krig med omfattande bombing av sivile mål.
No vert Gaza bomba dag og natt. Utan vatn, utan mat, utan medisinar og utan straum. Det finnest ikkje bomberom i Gaza. Korleis skal dei sivile i Gaza verna seg mot bomberegnet?
Hugs, det er ikkje bare Hamazfolk i Gaza, det er vanlege folk som deg og meg. Det er born, kvinner, besteforeldre, altså vanlege folk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette er bakteppet når vi skal prøva å forstå kvifor ugjerningane kunne skje.
Kan vi som bur i Norge, i Europa i verda sjå på at eit heilt folk blir utsett for krigsforbrytelser?
Det kan ikkje bli fred i Palestina utan rettferd for palestinarane. Okkupasjonen må opphøyra, flyktningane må få dra heim, og alle som bur mellom elva og havet, altså i heile det historiske Palestina, må få leva med like rettar.
Åse Vaksinen Sælensminde
Nestleiar
Palestinakomiteen i Bergen