Eg får ein flau smak i munnen
Det er ei skam at det ikkje er pengar til det som alle parti seier er førsteprioritet.
Kommunaldirektør Christian Fotland har innstilt på å leggja ned tre barneskular i Bjørnafjorden kommune; Strøno, Halhjem og Ådlandsfjorden barneskular.
Dette skal ifølgje utrekningar spara kommunen for åtte millionar i året. Det står ikkje noko om kor mykje dei berørte krinsane og alle dei berørte familiane med barn vil tapa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bustadbygging i Strøno
Eg er ikkje mellom dei som synest den massive utbygginga av bustader i Strøno er positiv. Det er det fleire årsaker til. Men når kommunen og Statsforvaltaren først har godkjent utbygging, ja, då kan ikkje kommunen leggja ned barneskulen midt under salet av tomter. Nærleik til barnehage og barneskule er svært viktig for dei som er nye og vil etablera seg i Strøno.
Klas Færøvik (utbyggjar) hadde ein fin kommentar om dette forholdet under folkemøtet på skulen. Om eg hugsar rett, snakka han om fotballmålet som blei flytta etter at kampen var sett igang.
Det kommuneadministrasjonen har innstilt på, er langt verre enn å flytta på eit fotballmål. Dei tenkjer truleg ikkje på dei langsiktige konsekvensane for barn og føresette.
Nyvald ordførar, Terje Søviknes, her har du noko å «bryna» deg på. Klarer du og kommunestyret å løysa denne kabalen uten å leggja ned nokon av barneskulane i kommunen, vil den stjerna lysa sterkt på himmelen i mange år. Eg er spent på å sjå kva de får til.
Eg får ein flau smak i munnen når eg høyrer og les at kommunen ikkje har pengar til til å driva barneskulen i Strøno og to andre barneskular i kommunen. Det er ei skam at det ikkje er pengar til det som alle parti seier er førsteprioritet, nemleg barn og skule.
Norge har aldri hatt så mykje pengar «på bok» som no. Dette handlar om fordeling av pengar frå Staten til kommunen. Her har både politikarane våre og kommuneadministrasjonen ein viktig og prioritert jobb. Her må ein gjera om på fordelinga for å skaffa dei midlane som er nødvendige for å kunna behalda barneskulane våre.
I Strøno har det vore skule i «alle» år. Før 1900 var det skule heime på dei småbruka som hadde plass. I 1902 blei «gamleskulen» bygd. Denne var i bruk fram til 1990 då skulen vi har i dag, blei tatt i bruk.
Vi hadde skule sjølv om det ikkje var så mykje pengar i kommunen eller hos kvar einskild familie.
Artikkelen held fram under annonsen.
No har Staten så mykje pengar at han ikkje veit kor fort og gale han kan 'ødsla' dei bort til formål som store delar av befolkninga er imot. Men pengar til skule finst det ikkje?
Å leggja ned barneskulen i Strøno, er å riva ned eit sosialt samfunn spesielt for dei unge som treng den tilhøyrsla barneskulen gjev.
De politikarar og administrasjon som tenkjer på å gjera eit eksperiment med å leggja ned barneskulane, spelar eit farleg spel med våre fantastiske barn og unge som innsats og som idag gjev uttrykk for å trivast og ha det godt på barneskulen vår.
Bjørn Nordstrønen