«Eg berre stiller spørsmålet»
Ein undrar ikkje høgt, og byr ikkje til diskusjon, om grep ein meiner er heilt uaktuelle å ta.
– Eg berre stiller spørsmålet, seier Marie Bruarøy.
Spørsmålet var om det var mogleg at dei som ikkje er «ordinære» born (Bruarøy sine ord, og teiknsetting) kunne samlast i spesialklassar. Bakgrunnen for spørsmålet er at det store fleirtalet i kommunestyret ønskjer å kutte fleire titals millionar i skulebudsjetta dei neste par åra. Dette kjem på toppen av store kutt som allereie er gjort i skulane i prosjektet Bjørnafjorden 22.
Artikkelen held fram under annonsen.
Os & Fusaposten kalla spørsmålet ein brannfakkel. Enkelte i kommentarfeltet gjekk lenger og meinte at Bruarøy bør skamme seg.
Ho har ingenting å skamme seg over. Det er lov å ikkje vite alt. Og det er lov å ønskje gjennomført den politikken ein trur på.
Ikkje tilfeldig
Men for oss andre er det verdt å merke seg kven som spør om kva. Det er jo ikkje eit tilfeldig spørsmål, dette. Det er heller ikkje tilfeldig kven som spør, og når.
Spørsmålet fortel noko om kva Bruarøy og Høgre er villige til å ofre. Ein undrar ikkje høgt, og byr ikkje til diskusjon, om grep ein meiner er heilt uaktuelle å ta. Berre å stille spørsmålet seier mykje om korleis ein prioriterer. Det røper, sannsynlegvis utilsikta, at Høgre gjerne kastar alt det vi veit om kva som skapar gode skular og gode lokalsamfunn ut vindauget straks dei ser høve til å bruke mindre pengar på kommunale tenester.
Var det strengt å konkludere slik, tenkjer du?
Då skal du hugse at Bjørnafjorden allereie har kutta så mykje i budsjetta til skulane at vi fleire stader i dag bryt med dei lovpålagte krava til talet på lærarar per born.
I UNICEF sin ferske Kommuneanalyse for 2022, ei kartlegging av tilbod og tenester til born her i landet, er vi på 251. plass av dei 255 kommunane i undersøkinga. Året før var vi nummer 308 av 319. Det er på denne skeive, utrygge grunnmuren Bruarøy står og undrar om det kanskje kan vere enno litt å spare på god, gamaldags segregering i skulane.
Styrkje, ikkje svekke
Om du tenkjer at Høgre kanskje ikkje er partiet for born og vaksne som er heilt avhengige av at storsamfunnet solidarisk stiller opp og bidreg, er det forståeleg. Eg vil leggje til at det heller ikkje er partiet for dei som ikkje nødvendigvis er så avhengige av det sjølv, men meiner det er viktig at me gjer det likevel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Om eit drøyt år er det kommuneval. I november skal politikarane i kommunestyret einast om det siste kommunebudsjettet før valet.
Me i SV meiner at borna i Bjørnafjorden fortener langt betre enn å vere på ei botnliste for oppvekstvilkår. Me meiner at kommunen må bruke meir pengar på skule, ikkje mindre. SV sin skulepolitikk er å styrkje tilbodet og ha fleire vaksne med riktig kompetanse. Spesielt i dei klassane der det er behov for ekstra tilrettelegging og oppfølging. Den kostnaden det er å skape god oppvekstmiljø for alle born, skal me ta.
Om du er samd med oss i dette, gjer du lurt i notere deg kva som faktisk står i budsjetta dei ulike partia snart legg fram.
Når me diskuterer segregering av elevar etter behov for oppfølging - for å spare pengar - har det gått for langt.
Skal me vere ein kommune som sparar pengar på born som ikkje er «ordinære»? Eg berre stiller spørsmålet.
Craig Bøthun
Bjørnafjorden SV