Dette gav meg den største energiboosten eg har fått i mine åtte år som folkevald
Innbyggjarane må kjenna si besøkelsestid.
Saka om 'samarbeidsmøtet' i Kløvertun gav meg den største energiboosten eg har hatt i mine åtte år som folkevald i kommunen! Dette er eit godt døme på at «Ja-kommune» er eit særs relativt begrep.
«Ja» til store utanybygds utbyggjarar er ofte samstundes «nei» til innbyggjarane i område der det vert søkt om store utbyggingsprosjekt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg håpar veljarane merkar seg dette og stemmer fram folkevalde representantar og parti som ynskjer å lytta meir til innbyggjarane i ein krins enn til utbyggjarar utan tilknyting og forståing for å bevara dei gode verdiane som ligg i gode, veletablerte bygdelag.
Kva urbanisering og transformasjon til drabantby fører til, ser me i Loddefjord, Fyllingsdalen, Åsane og Fana.
Om me i Bjørnafjorden ynskjer noko betre, må innbyggjarane kjenna si besøkelsestid og stemma «riktig» ved lokalvalet i haust.
Bjørnafjorden har nok flinke entreprenørar og bygdeutviklarar som på nensamt vis kan utvikla bygda vår på begge sider av fjorden slik at Bjørnafjorden kan halda fram å vera den landlege perla den er.
All honnør til oppsittarane på Hauge som gav sterk og klar melding.
Godt val!
Harald Lekven, uavhengig