Merknader: Eg har eit par merknader til den tendensiøse framstillinga Harald Lekven har av fortetting og bydelane i Bergen.

Det er ikkje fortetting i seg sjølv som er farleg

For ein lokalpolitikar er det nok freistande å framstilla Bergen som den store stygge ulven når det gjeld byutvikling.

Harald Lekven verkar å ha overtatt trona etter Terje Søviknes som den mest profilerte politikaren i Bjørnafjorden. Kanskje var det i så måte eit sjakktrekk å melda seg ut av partiet og bli «uavhengig» (dette er eit tips til andre lokalpolitikarar med ambisjonar).

Eit lesarinnlegg han hadde den 15. juni om mogleg utbygging på Hauge og samanlikning med bydelar i Bergen har lagt og gnege meg i bakhovudet sidan. Sitat: «Kva urbanisering og transformasjon til drabantby fører til, ser me i Loddefjord, Fyllingsdalen, Åsane og Fana».

Artikkelen held fram under annonsen.

For ein lokalpolitikar er det nok freistande å framstilla Bergen som den store stygge ulven når det gjeld byutvikling.

Les også
Dette gav meg den største energiboosten eg har fått i mine åtte år som folkevald

Eg vaks opp i einebustad på Lekven i Os. Som noverande innbyggjar i Laksevåg bydel/Loddefjord og tidlegare innbyggjar i Fyllingsdalen, har eg eit par merknader til den tendensiøse framstillinga Harald Lekven har av fortetting og bydelane i Bergen.

Ein tidlegare kollega av meg frå Høyseter i Samnanger ville bu slik at «du må kunna gå naken rundt huset utan at naboen ser deg», for så vidt ei prisverdig målsetting. Eg veit ikkje om Harald Lekven har same kriterium, men uansett ville det blitt særs arealkrevjande, sjølv i vårt vidstrakte land, å gjennomføra eit slikt tiltak.

Då Bergen sårt trengde nytt byggjeland på 1960-talet vart dei arealeffektive «drabantbyane» etablerte. Sjølvsagt vart det problem med denne nye buforma i starten, men kommunen etablerte og ein organisasjon med kompetanse til å takla utfordringane.

Fyllingsdalen vert forresten omtala som «den grøne bydelen» med plenty luft og rekreasjonsareal mellom bustadblokkene. Sjølv bur eg i einebustadfelt med kort gangavstand til den store Kanadaskogen som ligg delvis i Laksevåg og delvis i Fyllingsdalen.

Her kan du gå lange turar på tilrettelagde stiar og finna ditt «private» badevatn med opptil 24 graders badevatn om sommaren og skøyteis i kalde vintrar.

Liknande kvalitetar finn du i både Åsane og Fana. Skiløypene på Frotveit/Totland står t.d. ikkje tilbake for Nordmarka i Oslo. Eg berre nemner det.

Mitt poeng er at det er ikkje fortetting i seg sjølv som er farleg, det er korleis det blir løyst i praksis og korleis bumiljøet som heilskap framstår med omkringliggjande tilbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt er ikkje idyll i Bergen heller og det finnest dårlege enkeltprosjekt. Men mykje kan løysast med god planlegging. Trur eg.

Ståle Øvrebø