E39: Bjørnafjorden Sp kjempar for indre trasé
Det er etter fylkesutvalet sin uttale til komitéhøyring av Nasjonal transportplan, viktig for oss i Bjørnafjorden Sp å presisera vårt syn i saka.
Lat det vera klinkande klårt: Bjørnafjorden Senterparti er mot bru over Bjørnafjorden!
Me meiner:
Artikkelen held fram under annonsen.
* Ei bru vil gje store øydeleggingar av natur, særskild Øyane i Os og regnskog på Tysnes.
* Ei bru er eit risikoprosjekt med uprøvd teknologi i røft vêr, urealistisk stipulering av trafikkvekst og ukjend sluttsum.
* Ei bru gjev minst ein ekstra kostnad på sju milliardar i forhold til indre trasé. Dette kan betre nyttast E16 og Hordalandsdiagonalen (Nye Veier AS).
* Ei bru blokkerer skip frå å nå den internasjonale containerhamna ved Venjaneset og industriområde ved Samnøy.
* Ei bru blokkerer plattformer, riggar og skip frå å nå Bergen havn sitt oppankringsområde på Strandvikflaket.
* Ei bru blokkerer for internasjonale militærøvingar i ein av Noregs største innlands fjordar.
* Indre trasé vil kunna realiserast like raskt som ei bru.
* Indre trasé vil skapa synergiar og vekst i større delar av Vestland.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Indre trasé vil i samanknyting med Hordalandsdiagonalen redusera trafikk gjennom Bergen sentrum, samt korta ned reisetida til austlandet.
Bjørnafjorden Sp kjempar vidare for realisering av ferjefri E39 over indre trasé.
Bjørnafjorden Senterparti
Peter-Hans de Zwarte
Helge Andersen
Dina Lervåg, Leiar
Terje Sperrevik, gruppeleiar
Sjur Lepsøy
Herborg Nordtveit
Artikkelen held fram under annonsen.
Gitle Berland
Hege Tysnes