Ikkje lurt: Me forstår at kommunen er i ein krevjande økonomisk situasjon, men å velja tilbydarar som berre leverer låge anbod utan å vektleggja kvalitet i tenesta, er ikkje spesielt lurt.

“Billig” brøyteanbod - men kvar er kvaliteten?

Dette må kommuneleiinga snarast ta tak i.

Dei første dagane i 2025 har snøen lava ned over oss. Juleferien er slutt, og folk skal ut på vegane til arbeid, skule og anna igjen. Så òg for innbyggarane i Nore Fusa; bygdene Bogøy og Holmefjord.

Bjørnafjorden kommune har for neste kontraktsperiode inngått avtale om brøyting/salting med eit entreprenørfirma heimehøyrande i Os. Dette arbeidet har i alle år vore lagt til lokale entreprenørar her i Nore Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire av innbyggarane her i krinsen undrar seg over dette skiftet. Tidlegare har lokale entreprenørar hatt dette oppdraget, frå Dale i eine enden, og til ytterpunkta Kalven og ut til Nedre Boga.

Lokale entreprenørar, som skaffar arbeidsplassar i bygda, og som i tillegg har bidrege med midlar til bygging av både kunstgrasbane, padelbane, volleyballbane, samt andre gode tiltak for innbyggarane her.

Me forstår at kommunen er i ein krevjande økonomisk situasjon, men å velja tilbydarar som berre leverer låge anbod utan å vektleggja kvalitet i tenesta, er ikkje spesielt lurt, og har ført til at kvaliteten på brøytinga har gått kraftig ned.

Dei har heller ikkje den lokalkunnskapen som er nyttig i dette arbeidet. Mange av vegane her krev brøyting med traktor og plog, ikkje pick-up med eit lite skjer, der me ser dei brukar mykje lengre tid for å få med seg all snøen.

Pick-up'bilar høver gjerne i bysentrum og tettbygde strok, ikkje på bygdevegar i distrikta. Os-firmaet har ikkje godt nok utstyr, og dei kjem sjeldnare enn kva dei lokale brøytarane gjorde.

Denne første helga i året har snøen lava ned, men brøytinga har vore manglande, og av heller dårleg kvalitet.

Som innbyggjarar og gode skattebetalarar i Nore Fusa, må me kunne forventa at kommunen brøyter dei kommunale vegane tidsnok slik at folk kjem seg fram, og at dei som inngår brøytekontrakt med kommunen har godt nok utstyr til dette. Her er òg mange pendlarar, som skal tidleg av garde.

Me undrar oss òg stort over kommunen sitt miljøperspektiv i dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ut til krysset Nedre Boga/Holsund er det fylkesveg. Fylkesvegen fortset ut til Holsundet, medan vegen ned til Nedre Boga er kommunal.

Vi har vore i kontakt med Lyse entreprenør, som viser til kommune sine svar i denne saka:

Les også
«Kaotisk situasjon» utanfor sjukeheimen: – Trudde institusjonane i kommunen vart prioriterte

Sidan kommunen har vald å gje kontrakt på alle kommunale vegar til eit Os-firma, har me no den absurde situasjonen at Os-brøytarane og dei lokale brøytarane køyrer side om side frå krysset ved hovudveg avkjørsel Fv 48 Holmefjord, og ei strekning på åtte kilometer ut til krysset Nedre Boga/Holsund, der dei så skil lag.

Kvar i alle dagar er logikken og miljøperspektivet i dette?

I tillegg er den lokale entreprenøren omtrent næraste nabo til Ådlandsfjorden barneskule og barnehage.

Likevel skal det altså koma kommunale brøytarar like frå Os, med ein time i reiseveg, for å brøyta skuleplassen og inngang til barnehagen.

Ein jobb som for øvrig vart gjort på dugnad sist vinter av foreldre, slik at tilsette, barn og foreldre kunne koma seg inn i barnehagen tidsnok om morgonen.

Dette må kommuneleiinga snarast ta tak i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Henning Joys