Uforståeleg: Heile sone B er uforståeleg både med tanke på geografi og reisemønster.

Alle i kommunen bør betala det same for bussbilletten

Bussbilletten til byen er dyrare på eine sida av fjorden enn den andre. Bjørnafjorden SV er ikkje einig i argumenta for å ha det slik.

Eit kollektiv er definert som ei «gruppe menneske som har eit fellesskap, for eksempel ved å eiga noko saman eller arbeida mot eit felles mål.» I Bjørnafjorden kommune er ikkje alle inkludert i same kollektivet: Gamle Os høyrer til kollektivsone A, medan gamle Fusa hører til kollektivsone B.

Dermed kostar det meir å reisa med buss frå Eikelandsosen til Osøyro, enn frå Osøyro til Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Saman om viktig sak: Har lagt press på fylkeskommunen

Urettferdig ulikskap

Skal me verkeleg få til eit godt kollektiv i nye kommunen, må me ha same vilkåra for å nytta kommunale tenester. Når me er i ulike takstsoner, har me ikkje likt kollektivtilbod, og det fremjar heller ikkje auka kollektivbruk.

I vår har fleire hatt fokus på denne ulikskapen, mellom anna i reportasjar i Os & Fusaposten. Me veit også at det er teke opp med fylkeskommunen. I møteprotokollen frå samferdselsutvalet no i februar, ser ein at administrasjonen har ulike argument mot å gjera endringar i sonestrukturen.

Eit av argumenta er at «det er viktig med nok soner som reflekterer at lange reiser kostar.» Då er det rart at ei bussreise på 10 mil frå Halhjem til nord i gamle Austrheim er i sone A, mens ei bussreise på 2 mil frå Eikelandsosen til Osøyro går over to soner og er ca. 50% dyrare.

Les også
Soneinndeling: Situasjonen i Bjørnafjorden viser seg å ikkje vera unik

Uforståeleg inndeling

Prinsippet for soneinndelinga var at grensene skal følgja fjord og fjell der det er råd, men heile sone B er uforståeleg både med tanke på geografi og reisemønster.

Folk i gamle Fusa reiser sjeldan til Tysnes og Austevoll, og det er heller ingen gode kollektivtilbod dit; faktisk går dei fleste tilboda via Os!

Fylkesadministrasjonen peikar på at to soner i Bjørnafjorden kommune ikkje aukar skuleskysskostnader til kommunen. Men det er stor pendling av vidaregåande elevar mellom Os og Fusa, og denne kostnaden vil bli redusert for fylkeskommunen dersom det vert éi kollektivsone.

Rettferd innad i kommunen viktigast

Eit siste argument frå fylket mot å samla Bjørnafjorden kommune i éi sone, er omtanken for moglege reisande frå Gjermundshamn og frå Våge til Eikelandsosen, då desse vil kunna få auka reisekostnader ved å kryssa soner. Men dei høyrer til andre kommunar, og for Bjørnafjorden SV er det viktig å arbeida for at alle innbyggjarane våre skal få like vilkår same kor dei bur.

Kampen for felles sone A i heile kommunen er ikkje over, og SV vil arbeida saman med våre i fylkeskommunen for å nå målet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ibrahim Mayel

Maria Skibenes

4. og 5. kandidat

Bjørnafjorden SV