Ynskjer velkomen til markering av Seniordagen i Fusa
I samarbeid med Fusa Senioruniversitet inviterar Fusa senior- og funksjonsråd til markering av seniordagen på onsdag 28. september i Eikelandsosen bedehus. Programmet byr på noko for kvar og ein sin smak.
"Du gamle mor" i Aasmund Olavsson Vinje si dikt, ho som "sliter arm, so sveitten er som blod", finst ikkje meir. I alle fall ikkje i Noreg. Her har mange godt vaksne kvinner og menn helse og krefter nok til eit nytt liv etter at dei har slutta i løna arbeid. Med reiser, frivillig arbeid, hobbyar og friluftsliv fylles gode dagar. Mange bidrar til at samfunnet går så smurt som det gjer. Det kan difor vera på sin plass å kalla FNs eldredag for 'seniordagen', slik den no heiter i Fusa.
Foredrag om Ingjald Håland
Eit av innslaga blir foredrag om teatermannen Ingjald Haaland ved Herleiv Rolfsnes. Foreldre til Ingjald (1885-1952) var gardbrukar Sjur Haaland (1851-1912) og Brita Teigland (1855-1945).
Artikkelen held fram under annonsen.
Hålandsdølen blei kjend som skodespelar og teatersjef. Han debuterte i 1906. Frå 1913 arbeidde han ved Det Norske Teatret, i tidsrommet 1922-33 også som sjef. Som skodespelar beherska han både komedien og tragedien, mens han som instruktør lukkast best i realistiske folkeskodespel, les me i Store norske leksikon. Haalands sjefsperiode betydde mykje i Det Norske Teatrets utvikling. Han viste ofte kunstnerisk mot både i val av repertoar og medarbeidarar.
Vart head hunta
Herleiv Rolfsnes er fødd på Rolfsnes i Bremnes kommune på Bømlo. Far hans var lærar der og attåt hadde dei eit småbruk. Mor var frå Hillesøy. 14 år gamal flytte Herleiv ut. Det blei framhaldskule og to år på realskule. Som 17 åring blei han head hunta til å vera lærar av skulesjefen.
Så kom puggekurs på Framnes ungdomskule, opptaksprøvar og fire år på Stord lærarskule. Nyutdanna søkte Herleiv mellom anna på lærarstilling ved Holdhus skule i Fusa kommune og blei tilsett.
Herleiv fortel at han blei oppmoda til å setja seg inn i Ingjald Haaland av Harald Bjørndal i Bygdeutvalet i Hålandsdalen. Så fylgde samtalar med barnebarn Sissel Holdhus og nevø Sverre Håland. Dette gav mykje stoff. På Universitetsbiblioteket i Bergen fann Aksel Henning Holdhus ei masse skriftleg materiale av og om Ingjald Håland. Her måtte han berre velja og vraka. Resultatet kan me oppleva på seniordagen.
Allsong
Vidare kan me sjå fram til allsong og song ved Strandvik blandakor, der Iman de Zwarte er dirigent. Så blir det trekkspelmusikk av Terje Brekke og Harald Tombre. Og seniordagen kan vel ikkje vera komplett utan ei oppvising av Fusa seniordans? Sjølvsagt skal me ha ei matøkt, så ingen behøver å skunda seg heim av den grunn. På stand i salen vil følgjande presentere seg: Fusa Frivilligsentral, Kols- og diabetesgruppa, Dementsgruppa, Eikelandsfjorden Pensjonistlag og Fusa senioruniversitet.
Sjå annonsen i avisa laurdag 17. september for praktiske opplysningar.
Me ynsker alle seniorar i Fusa hjarteleg velkomne!
Fusa senior- og funksjonsråd og Fusa Senioruniversitet