Vitja Bergen for å skremma sambygdingane
Regissør André Øvredals skrekkfilm-debut har premiere på Bergen Kino i dag (fredag). I går var spesielt inviterte og hovudpersonen sjølv på Magnus Barfot for førpremiere av The Autopsy of Jane Doe
- Eg lovar at filmen ikkje er sååå skummel, seier Øvredal minutt før filmen startar.
Norske aviser har gitt filmen god kritikk. VG og Dagbladet har trilla ein firar på terningen. Aftenposten landa på fem. Det blir mindre viktig for Øvredal, om ein samanliknar med det som skjedde på Twitter natt til i går. Skrekkfilm-kongen Stephen King låg ut ein tweet der han skrytte av The Autopsy of Jane Doe og samanlikna filmen med historiske klassikarar. Det skulle også bli eit samtaleemne i samband med førpremieren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skryt frå salen
Etter framsyninga og applaus frå publikum, gjekk Øvredal fram for å svara på spørsmål frå dei frammøtte. Felles for alle "intervjuarane" var at dei opna med skryt. Eit spørsmål gjekk på korleis overgangen var frå norsk produksjonen med Trolljegeren til "møte med Hollywood" i Jane Doe.
- Eg har faktisk vore med i fleire større filmar som det ikkje blei noko av, så det er ikkje nytt for meg å jobba på denne måten. Manuset trefte meg. Det var spanande. Trolljegeren er ein handheldt tussefilm i samanlikning med denne. Det er kjekt å sjå at eg også kan laga ein slik film, seier Øvredal.
- Kva med science fiction-filmen du heldt på med, lyd det frå publikum?
- Det kan eg svara på. Den blei for dyr for produsentane. Dei fann nokon som ville laga ein billegare film, seier Øvredal og smiler.
Fleire osingar i salen
I publikum var det fleire osingar. Blant dei ein annan regissør, Rolv Lyssand Bjørø. Han skrytte av fleire ting, men lurte mest på korleis Øvredal hadde jobba med dei to hovudrolleinnehavarane Cox og Hirsch for å få så god kjemi dei to mellom.
- Det skal ikkje eg ta mykje av æra for. Brian Cox har spelt i sikkert 200 filmar. Emile Hirsch har vore med i eit dusin storfilmar. Dei er heilprofesjonelle. Eg hugsar Brian kom på settet tysdagen. Den påfølgjande måndagen hadde han memorert alt av replikkar, seier Øvredal.
Heilt til sist fekk osingen spørsmål om ambisjonane.
- Off, det var eit tøft spørsmål. Det tøffaste så langt. Eg vil berre laga så gode filmar som mogleg. Noko eg blir stolt av. Eg er ikkje sjangeravhengig, seier Øvredal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blei mange klemmar og handhelsingar då folk var på veg ut av kinosalen. Osingen stilte også villig opp for å ta bilete med fans. Ved sida av stod det nokon å masa om at han snart måtte koma seg av garde. Han hadde visst nok ein avtale som han var seint ute til. Det er nok travle dagar for regissørstjerna frå Os som for alvor har starta å blinka på stjernehimmelen.