Wilmer Marques og Edward Aleman sytte for spenning i Oseana for alle elevane som var på besøk i dag.
Wilmer Marques og Edward Aleman sytte for spenning i Oseana for alle elevane som var på besøk i dag.

Vill begeistring for vill akrobatikk

Elevane som skal få sjå showet til El Nucleo i Oseana i morgon kan gleda seg. Det gjorde i alle fall dei som var til stades i dag.

- Dette var utruleg kult, seier elevane på førsterad etter at framsyninga var over.

- Kjekkare enn å vera på skulen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Jaha! Mykje kjekkare.

Jobba saman i 18 år

Elevane i 5.-7.klasse på Kuventræ, Nore Neset og Eikelandsosen var i dag i Oseana for å sjå nysirkustroppen El Nucleo som består av Edward Aleman og Wilmer Marques. Dei er opphaveleg frå Colombia, men bur no i Frankrike. Duoen har jobba saman i 18 år, og reiser rundt påturne og viser fram akrobatikk som krev både styrke, smidigheit og ikkje minst at dei kjenner kvarandre godt og kan lita på kvarandre.

Kan tolkast på mange måter

Showet deira vert kalla Quien soy? som kan omsetjast til "kven er eg?" Framsyninga, som var lett å la seg bli oppslukt i, spelte litt på følelsesregisteret.

- Mykje av det me viser er ope for tolking. Me påstår ikkje noko, men det me viser kan tolkast på fleire måter, og publikum frå ulike land tolkar det dei ser på ulike måtar, seier Wilmer Marques.

Held litt tilbake

Det var uansett tydeleg at publikum var imponert, og nokre gonger nervøs for kva som skulle skje. Som ein kan sjå på bileta i biletserien, så held dei ikkje tilbake når dei skal visa fram triksa sine. Eller gjer dei det?

- Vel, me gjer endå tøffare triks på trening, og me tek mykje større sjansar då. Av hensyn til publikum, så vil me ikkje risikera nokre store ulukker under ei framsyning, seier Marques.

Gled dykk

Det dei viste i dag var meir enn godt nok til å bergta publikum, og dei som kjem i morgon kan gleda seg stort. Les meir om colombianarane i papiravisa laurdag.