Ansgar Tveit ved punktet for start og mål i den tradisjonsrike Strandvikstafetten/Strandvikløpet.
Ansgar Tveit ved punktet for start og mål i den tradisjonsrike Strandvikstafetten/Strandvikløpet.

Vil skriva historia om strandvikstafettens første tiår

Det finst få opplysningar om strandviksstafettens første år på 50-talet. Ansgar Tveit meiner bygda fortener å få histora nedteikna.

Historia om strandvikstafetten består av to epokar - den første frå 1951 til 1959, og den andre frå midten av 1970-talet og fram til i dag. Strandvik-karen Ansgar Tveit er utelukkande interessert i historia frå den første perioden.

- Det som skjedde frå 1970-talet er for såvidt kjent nok. Den første epoken derimot, veit me mindre om, og det finst heller ikkje nedteikna særleg med opplysningar om denne. Det ønskjer eg å gjera noko med, seier Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved hjelp av «Os & Fusaposten» ønskjer han å koma i kontakt med fusingar eller andre som hugsar, eller sit på opplysningar om strandvikstafettens første tiår.

Hugsar godt

Ansgar er sjølv fødd og oppvaksen i Strandvik. Han hugsar svært godt den første strandvikstafetten i 1951.

- Då var eg grindgut og følgde løpet frå Nyekaien. Det var mykje folk og ein spennande stafett, fortel Ansgar.

- Vinnes leidde klart, men sistemann for Vinnes-gjengen sprang feil. Dermed vart det heimesiger til Strandvik, fortel 76-åringen.

Med til historia høyrar det at Strandvik av storsinn arrangerte ein ny stafett alt eit par veker etter. Då tok Vinnes sigeren heim.

- Strandvikstafetten starta som venleg rivalisering mellom bygdane i Fusa. I tida etter krigen var idrettslaga rundt i Noreg veldig aktive og flinke til å laga konkurransar og skapa engasjement. I Strandvik var det springing og då spesielt stafett som fengja folket, fortel Ansgar.

Perfekt løype

Strandvik-karen trur den kuperte løypen, som er tilnærma lik løypen i notidas Strandvikløp, er noko av grunnen til at strandvikstafetten vart så populær.

- Strandvikstafetten bestod av åtte varierte etappar. Løpet gjekk gjennom ulikt terreng, og det var både motbakkar og nedoverbakkar. Dette gjorde det svært spennande å sjå på, seier den pensjonerte sosialarbeidaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva er det som gjer at du absolutt vil skriva ned denne historia?

- Eg synest bygdas nye generasjonar fortener å få vita litt om dette. Dessutan er eg interessert sjølv. Motivasjonen er vel rett og slett interesse og høve til å gjera noko for identitetskjensla vår her i Strandvik, seier han.

Åra han snakkar om, veit han at bygder som Vinnes, Baldersheim, Sævareid, Fusa og Eikelandsosen stilte med deltakarar i stafetten. Frå nokre av bygdene har han lukkast med å få tak i deltakarlistar, men ikkje frå alle.

- Eg skulle gjerne hatt nokre namn frå Fusa og Eikelandsosen. Via denne artikkelen håpar eg å nå nokon som kan hjelpa meg med det. «Os & Fusaposten» kan kanskje formidla kontakten, seier/spør Ansker.

Det kan me!