Vil samla lokalhistorikken
Målet er å samla all lokalhistorikken i Os og gjera han kjent for komande generasjonar. Tysdag vert Os sogelag offisielt stifta.
Initiativtakar Oddbjørn Klyve har mange idear til kva oppgåver eit lokalt sogelag kan ta seg av. I hovudsak ønskjer han at laget kan samordna og ivareta lokalhistoria i bygda.
- Ideen kom då eg ville finna ut litt meir om Prestegardstunet. Eit sogelag ville med ein gong ha gjeve meg opplysningar kring dette, men så vidt meg bekjent, har Os aldri hatt eit slikt. Det fann eg ut me måtte gjera noko med, smiler Klyve.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lokalhistorisk interesserte
Dei fleste kommunar i Hordaland har eit sogelag. Frå og med komande tysdag har også Os fått sitt.
- Eg har samla ei gruppe med folk som er interesserte i lokalhistorie, kulturminne, lokale stadnamn, hus og byggjeskikk m.m.. Fleire av oss dannar no eit interimstyre. Tysdag 15. mars inviterer me til offisiell stifting av Os sogelag, fortel Klyve.
Den store hendinga finn stad i Os Folkebibliotek.
- Me har plass til i overkant av 80 personar. Me håpar mange finn vegen, og at fleire av dei frammøtte nyttar høve til å melda seg inn i laget, seier Klyve.
Drøymar om bygdemuseum
Interimstyret består no av Eirik Lyssand, Rønnhaug Askeland, Eli Marie Gaassand, Øyvind Tøsdal, Olav Søfteland og Oddbjørn sjølv. Alt før stiftinga har gruppa notert ned mange idear og planar dei kjem til å jobba for i næraste framtid.
- Ein av dei store draumane våre er å få laga eit bygdemuseum der me kan samla mykje av historia om Os. Men dette er sjølvsagt noko me vil jobba for på sikt. Av meir konkrete planar no med det første skal me arrangera lokalhistoriske føredrag i Pakterboligen, etablera heimeside på nett, etablera samarbeid med alle lag og organisasjonar i Os, ha befaring av kulturminna i Os og mykje anna. Me har meir enn nok å hengja fingrane i framover, seier Klyve.