Varma opp før NM
Saman med fire venekorps spelte Os Musikkforening seg varme før helgas NM i Oseana i kveld.
Komande helg konkurrerer Os Musikkforening i NM for janitsjarkorps.
I anledning dette hadde dei i kveld ein siste oppvarmingskonsert i Oseana-salen. Saman med venekorpsa sine Fana Musikklag, Skjold Nesttun Janitsjar og Alvøens Musikkforening spelte dei for eit lydhørt publikum og nesten fullsett sal. Karl Ole Midtbø introduserte korpsa.
Artikkelen held fram under annonsen.
NM for janitsjarkorps samlar kvart år vaksenkorps frå heile landet i Trondheim, og er det største korpsarrangementet i landet. Meir enn 100 korps deltek.
Det vert tevla i åtte divisjonar. Os Musikkforening deltek i 3. divisjon og blir dirigert av sin faste dirigent Per-Lorentz Milotzki. Fana Musikklag stiller i 6. divisjon med dirigent Bjarte Riseng. Skjold Nesttun Janitsjar stiller i 1. divisjon og Alvøens Musikkforening stiller i 2. divisjon. Begge korpsa blir dirigerte av Bengt Florvåg.