Vårens storsatsing for Kongshaug
Vårens storsatsing for Kongshaug Musikkgymnas, er ein musikal-kveld i Oseana.
Laurdag 16.april byr Kongshaug-elevane på utdrag frå ulike kjende musikalar, som Sound of music, West side story, Mamma Mia, We will rock you og Les Miserable.
Alle dei hundre elevane er i sving, med korsang, solist- og gruppeinnslag - både vokalt og instrumentalt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det heile er ein konsertversjon, men med ein del rekvisittar og regi til dei ulike innslaga.
Vi trur dette skal bli ei fin oppleving for publikum, og vonar at bygdefolk og andre vil skunda seg å få tak i billettar, heiter det i ei pressemelding frå skulen.